Plankart 1

Høyringsfrist 18.08.17

1.gangs høyring og offentleg ettersyn - 12532015005 reguleringsendring Rundhovde bustadområde- Valestrand

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-14 har plan-og kommunalteknisk utval i møte 22.06.17 gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn. 

"Framlegg til reguleringsendring Rundhovde bustadområde, planId 12532015005 med plankart dagsett 25.05.17,  føresegner dagsett 29.05.17, planskildring dagsett 25.05.17, VA – rammeplan og VA- rammeplankart  HB-001 til HB-005 dagsett 25.05.17 vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Reguleringsendring Rundhovde bustadområde planID 12532015005 skal oppheve og erstatte reguleringsplan Rundhovde boligområde planID 12532008600 jf. PBL §12-14."

Det er utarbeidd reguleringsendring av område på Rundhovde. Planframlegget skal erstatte og oppheve  detaljplan Rundhovde boligområde planID 12532008600. Føremålet er å regulere til bustader. Årsaka til at det vert fremma ny plan for Rundhovde er at område B14 i forslag til områderegulering for Valestrand er teken inn i planområdet. For å sikre vegframføring til dette området har det også vore naudsynt med ei omarbeiding av bustadfelt regulert i planen for Rundhovde boligområde frå 2012. Dette har gitt rom for tre nye felt med frittliggjande småhusutbygging (BF8, BF9 og BF10), samt eit felt med konsentrert småhusutbygging (BK7). Det er også regulert inn fortau langs heile tilkomstvegen i det nye planframlegget. Som følgje av vegendringa er det gjort endringar på felt BF7, BK3 og BK4 i den gamle planen, då det var naudsynt å organisere noko om på felta etter ny vegtrasé. Reguleringsendringa innbefattar heile planområde i reguleringsplan for Rundhovde boligområde planID 12532008600 og denne vert erstatta og oppheva ved vedtak av reguleringsendring Rundhovde bustadområde planID 12532015005.

Planområdet er på om lag 95 da og planendringa legg til rette for bygging av 86 nye bustadeiningar, fordelt på fleire typar bustader i dei nye eller omorganiserte felta. I tillegg er det allereie bygd lågblokker (BB1) med 14 bustadeiningar langs tilkomstvegen (o_V1) aust i området, og det er regulert for 7 bustader i to felt med konsentrert småhusutbygging (BK1 og BK2), som er uendra i reguleringsendringa (BK1 og BK2). Det ligg dessutan 4 eksisterande einebustader i felt regulerte til frittliggjande småhus. Totalt får planområdet 111 bueiningar med både eksisterande og planlagt bustad. Planområdet legg opp til ei variert utnytting og har felt med einebustader, to- og firemannsbustader og lågblokker. Det er knytt felles leikeplassar til alle felta, og parkering vert anten løyst på eiga tomt eller i felles parkeringskjellar under bygga.

Felta BF2, BF4, BF5, BF6, BK1, BK2 og BB1 med tilhøyrande leikeplassar, vegsystem og parkering er i hovudsak uendra. 

1. Planskildring

2. Plankart

3. Føresegner

5. VA-rammeplan

6.  VA-rammeplan kart HB -001,HB -002 ,HB -003,HB -004 til HB-005

7. Illustrasjonsplan

8. Vegetasjonplan

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast i Bygdanytt og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg også i kommunen sitt planregister og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist.  For å kome med merknad kan ein nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema, e-post til post@osteroy.kommune.no eller per brevpost til Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg. Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 18.08.17. 

Web levert av CustomPublish