Illustrasjon Fosslia

Merknadsfrist 20.11.2018

1. gongs høyring og offentleg ettersyn Detaljregulering Fosslia bustad

Planframlegget legg til rette for å utvikle eigedom gbnr 137/200 med eit leilegheitsbygg over tre etasjar, med ni bueiningar og tilhøyrande uteopphalds- og leikeareal.

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) §§ 12-10 og 12-11 har plan- og kommunalteknisk utval den 19.09.18 gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn.

I medhald av plan og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vert framlegg til plan for Detaljregulering av Fosslia bustad – PlanID 12532016006 med føresegner datert 10.08.18, plankart datert 23.05.18, planskildring datert 20.06.18, VA rammeplan 03.11.17 (endringsdato 17.06.18) og tilhøyrande vedlegg lagt ut til høyring og offentleg ettersyn

 

Framlegg til plan

Hensikta med planframlegget er å legge til rette for å utvikle eigedom gbnr 137/200 med eit leilegheitsbygg over tre etasjar, med ni bueiningar og tilhøyrande uteopphalds- og leikeareal. Innanfor planområdet ligg det tre eksisterande bustader med tilhøyrande garasjar. I tillegg er område for renovasjonsløysing tatt med i planavgrensinga. Tilkomst vil vere frå Veg 1091, som er ein kommunal veg tilknytt Fv 567 Valestrandvegen. Planframlegget er i tråd med overordna plan - områderegulering for Valestrand sentrum (planID 2011003). Tiltakshavar er Cruse AS, og plankonsulent er Ard arealplan AS.

Planen vart varsla naboar og offentlege instansar med brev datert 08.05.2017, og i avisa Bygdanytt 12.05.17. Frist for å kome med merknadar vart sett til 26.06.2017. I samband med varslinga kom det inn 10 merknader, ni frå ulike offentlege og kommunale høyringsinstansar medan éin var privat merknad. Desse er attgjevne og kommentert i kapittel 10 i planskildringa.

Planframlegget er i tråd med overordna plan og vil tilføre Valestrand eit nytt bustadbygg som legg til rette for innbyggjarar i ulike aldre og livssituasjoner. Område BBB vil vidare bli tilrettelagt med gode kvalitetar som stettar eit godt oppvekstmiljø. Det er rådmannen si vurdering at planframlegget er godt gjennomarbeidd og ivaretek alle viktige omsyn.

Planforslaget omfattar

Plankartet saman med føresegnene er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl § 12-4.

Kunngjering om høyring og offentleg ettersyn

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar er direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg tilgjengeleg i kommunen sitt planregister under https://www.nordhordlandskart.no/pr og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset, samt på Osterøy Bibliotek.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med merknad kan ein nytta elektronisk høyringsskjema, på e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til: Osterøy kommune, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg.

Innsending av merknad stilast til Plan og merkast med namn eller plannummer på aktuelle plan.

Merknadsfrist 20.11.2018

Etter utgått merknadsfrist vert innkomne merknadar vurdert og planfranlegget evt. justert før ein legg planframlegg fram for endeleg vedtak jf Pbl § 12-12.

For å følge saka kan du gå inn her: http://www.osteroy.kommune.no/kunngjeringar-planarbeid   

Du må søke på saksnummer 16/2772 for å få opp info om aktuell sak.

Web levert av CustomPublish