PLANKART_12532017002_reg

Høyringsfrist 18.12.17.

1.gongs høyring og offentleg ettersyn - Plansak 12532017002 - Reguleringsendring Hauge barnehage - Hauge

Planen gjeld reguleringsendring av Hauge barnehage planID 12532017002. Planområdet omfattar heile gbnr 4/124 og delar av gbnr 4/4 og 4/141. Hensikta med planarbeidet er å utvide eksisterande barnehageområde og bygge ny avdeling.Planområdet er på ca 14 daa. 

Med heimel i plan og bygningslova §12-10 har Plan- og kommunalteknisk utval i møte 27.09.2017 vedteke å leggje fylgjande planforslag ut på høyring og offentleg ettersyn:

"Framlegg til reguleringsendring av Hauge barnehage, planID 12532017002, med tilhøyrande føresegner, plankart og planskildring vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova §12-10."

FRAMLEGG TIL PLAN

Planen gjeld reguleringsendring av Hauge barnehage. Barnehagen på Hauge har behov for å utvide med ein til to nye avdelingar for å kunne ta høgde for vekst innan tenesteområdet. Det er venta ein sterk auke i tal på barn i alsresgruppa 1-5 år dei komande åra. Gjeldande plan i området opnar ikkje for ei utbygging som kan stette behovet. På bakgrunn av dette er det utarbeida framlegg til reguleringsendring for området i tilknytning til Hauge barnehage. Plangrense er utvida noko i høve til gjeldande plan for området. Plangrensa er også justert ytterlegare etter oppstart. Utvidinga av planområdet er gjort for å sikre naudsynt areal for å få på plass tilfredsstillande løysingar i høve til trafikktryggleik, tilkomst, parkering, nye bygg og uteområde ved utviding av barnehagen.

PLANFORSLAGET ER REGULERT TIL FØREMÅL UNDER;

  1. Bygningar og anlegg (pbl § 12-5 nr 1):
  • ​Barnehage
  1. Samferdselsanlegg (pbl § 12-5 nr 2):
  • Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur;
  • Køyreveg
  • Gangveg
  • Anna veggrunn - grøntareal
  1. Grønstruktur (pbl § 12-5 nr 3)
  • Grønnstruktur
  • Turdrag

Planforslaget omfattar:

  1. Sakspapir
  2. Plankart
  3. Føresegner
  4. Planskildring med ROS-analyse

HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

Framlegg til plan skal ved høyring og offentleg ettersyn kunngjerast på kommunen si heimeside www.osteroy.kommune.no under «Plan – kunngjeringar planarbeid». Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla direkte med brev. Plandokumenta ligg til gjennomsyn i Osterøy rådhus, servicekontoret og Osterøy bibliotek. Spørsmål kan rettast til Osterøy kommune v/Plan

Eventuelle merknadar kan sendast til Osterøy kommune ved å nytta nytta elektronisk høyringsskjema, eller e-post til post@osteroy.kommune.no, eller per brevpost til v/ Plan, Rådhusplassen, 5282 Lonevåg eller til (merk gjerne epost med «merknad» og «plan»). 

Frist for å kome med merknad er 18.desember 2017.

Etter utgått merknadsfrist vert innkomne merknadar vurdert og planfranlegget evt. justert før ein legg planframlegg fram for 2.gongs handsaming, jfr Pbl § 12-10.

For å følge saka kan du gå inn her:  Bruk saksnummer 17/1311. 

Plandokument og vedtak ligg også i kommunen sitt planregister., Braplan. 

 

Web levert av CustomPublish