Utlevika (2)

3. gongs høyring Sjø- og strandsoneplanen

Det er gjort mindre endringar i sjø- og strandsoneplanen. Hovudsakleg gjeld desse endring av planen etter motsegn og merknad frå regionale styresmakter. Ny høyringsfrist er sett til 12. januar 2017.

Det var knytt fleire motsegner til planen etter 2. gongs høyring. Det er gjort endringar på desse punkta. I tillegg er det gjort nokre mindre endringar etter innspel til føresegner og korreksjon av grenser til arealføremål. Endringane er lista opp i Vedlegg 5, sjå lenke til dokumenta under.

Det er mogleg å kome med merknader i høyringsperioden som er knytt til endringane som er gjort. Det er ikkje høve til å kome med innspel til arealendringar eller merknader til deler av planen som ikkjE det er gjort endringar på frå 2. gongs høyring til 3. gongs høyring.

Merknader kan sendast til

Osterøy kommune

Rådhusplassen

5282 Lonevåg

eller til

post@osteroy.kommune.no og merk eposten med "Merknad til sjø og strandsoneplanen".

Ta kontakt med kommunen på telefon 56192171 ved spørsmål.

LENKER TIL SAKSDOKUMENT:

PLANSKILDRING

FØRESEGNER

KONSEKVENSUTGREIING

OVERSIKT MERKNADER

OVERSIKT ENDRING PLAN

Web levert av CustomPublish