Velkomen til Osterøy ungdomsskule!

IMG_3756, OK-kutt2.jpg

Osterøy ungdomsskule er den kommunale ungdomsskulen i Osterøy kommune, og har 260 elevar.
Skulen ligg i kommunesenteret Lonevåg og er næraste nabo til Osterøy stadion, Osterøyhallen, Osterøy rådhus, Lonevåg barnehage og Lonevåg skule.

logo-verdi.jpg


Siste nytt


 

Foreldremøte OUS

Det vert skipa til foreldremøte i aulaen på OUS den 23. august klokka 1900

Agenda og meir informasjon finn ein her

17. august 2017
Plakatbilete

Foreldremøte i høve framsyninga #Hengdeg

Me minner om foreldremøte i samband med framsyninga #Hengdeg i Osterøyhallen 23.02.17.

Temaet er digital mobbing. Du kan lesa meir her

21. februar 2017
Elevar og leiarar

Gode resultat ved OUS

For andre året på rad har OUS levert gode resultat. Grunnskulepoenga til elevane som gjekk ut av 10. klasse våren 2016 var høgare enn snittet både i Hordaland og på landsbasis. For å feira dette spanderte ordførar og sektorleiar kake på personalet. 

27. oktober 2016 Les meir
Elevar

Magisk ballade

På ein elles  regntung haustkveld, serverte elevane på 9. trinn magiske smakebitar frå  Roald Dahl si verd, for alle dei frammøtte i aulaen på ungdomsskulen. 

27. oktober 2016 Les meir
ICDP logo

Nytt ICDP-kurs

Grunna stor etterspurnad, vert det arrangert nytt kurs i ICDP på nyåret. 

Dei som er interesserte, kan finna meir informasjon her

19. oktober 2016
Web levert av CustomPublish