Osterøy kulturskule

Kulturskule0.jpg

Velkomen til Osterøy kulturskule si heimeside.

Siste nytt

Studio

Spennande fag til hausten

Kulturskulen har fått nye lokaler til lyd, bilde, teater og kunst. Det gjer at me kan tilby enda større utvalg av fag.

Digital musikkproduksjon

Vårt nye lydstudio med det siste i programvare står klart til å ta imot kommande musikkprodusentar. Sjå introduksjonsvideo som mediagruppa har laga HER

Låtverkstad med innspeling i studio

Få hjelp til å utvikla  ideane dine eit studio. Du får eit innblikk i heile prossessen frå frå ide til ferdig musikk.  

Media

Me har hatt dette som fag nokre år, men har plass til fleire grupper. 5 imacer med Creative Suite programvare venter på deg som liker å boltra deg i lyd og bilete.

Fleire teaterfag

I dag har me teaterkoret som kvart år setter opp ein familemusikal. Me ønskjer og å tilby eit reint dramafag til dei over barneskulealder. For dei minste kan me tilby teaterleik dersom det vert mange nok påmeldte (1-3 klasse ) 

Les meir under fana Vi tilbyr

 

 

22. mars 2017 Les meir

Vil du byrja i kulturskulen til hausten?

Frist for nye søkjarar: 1.mai

Les om våre tilbod på denne sida, eller ta kontakt med rektor dersom du lurer på noko. Dersom eleven er ny i kulturskulen, klikkar du på linken på øverst på høgre side: Påmelding her.  Dersom du har vore elev her tidlegara, klikkar du på Logg inn.

21. mars 2017 Les meir

Tid for re-registrering

Frist 1.april

Tida flyg og det er tid for å tenke på kva du vil gjera til hausten. Alle eksisterande elevar må logga seg inn og melde frå om dei vil forsetta på eksisterande fag, slutta på eksisterande fag eller velgja nye fag. Her er framgansmåten:

21. mars 2017 Les meir

Kulturskulen presenterer sin 5. familiemusikal

Aladdin Plakat2.jpg

"Aladdins barn og småkjetringane" er tittelen på årets musikal. Kulturskulens tetarkoret har sjølv skrive stykket og saman med elevar frå dans og visuell kunst gler dei seg til å visa stykket for publikum. Det vert ei fargerik og underhaldande forestilling som er ope for alle som vil sjå. Stykket vert og vist på dagtid for alle barneskulane på Osterøy. 

06. februar 2017 Les meir

Høgt nivå på UKM deltakarane i år

UKM 2017.jpg

Foto: Anders Totland

Dei 14 ungdomane som onsdag 25.1 viste seg fram for kvarandre, kan vera stolte av innsatsen. Ungdommane var godt forberedt og stod fram som trygge artistar. Les Bygdanytt si omtale HER

31. januar 2017 Les meir
Web levert av CustomPublish