Adresseprosjekt

Lonevåg_Breistein.jpg

Det er eit mål at alle bustader, fritidsbustader og verksemder i Osterøy kommune skal få tildelt offisiell adresse i løpet av 2015 – 2016. Kommunen er no godt i gong med adresseprosjektet. Informasjon og nyhende om prosjektet vil du finna på denne sida. Klikk for ein enkel presentasjon av prosjektet.

Nye vegskilt på Osterøy. Foto:

Utsending av melding om ny adresse startar no

Adresseprosjekt

Teknisk drift er godt i gang med å setta opp vegskilta til dei nye adressene på Osterøy. Denne veka sender kommunen ut dei første breva om melding om tildeling og pålegg om skilting av offisiell adresse. 

20. september 2016 Les meir kva som står i brevet.

Ny høyring for vegnamn 1080 Kvednhusrinden

Osterøy heradstyre vedtok i møte 20.05.2015 at Kvednhusrinden skal vera namn på veg nr. 1080 (Loftås). I brev frå 11.01.2016 klagar Kartverket (utan å reise namnesak) på Kvednhusrinden då dei vurderer at skrivemåten ikkje er i samsvar med lov om stadnamn.  Kartverket meiner at Kvernhusrinden er rett skrivemåte.

11. august 2016 Les meir

Kunngjering oppstart av namnesaker for Osterøy kommune - lokal høyring

I samband med adresseprosjektet  og vedtekne vegnamn  har Kartverket reist namnesak for nokre primærnamn (primærfunksjon: den lokaliteten eit namn opphaveleg blei brukt om) for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. 

14. mars 2016 Les meir

Skilting av vegane på Osterøy

Arbeidet med skilting av vegane har starta. Alle vegar skal ha vegnamnskilt og nummertilvisingskilt til eigedomar som ikkje er synlege frå, og ikkje grensar til fellesveg. Ein må ikkje ta i bruk ny adresse før ein har fått melding om at det er klart - sjå nedanfor.

10. februar 2016 Les meir

Tildeling av vegnamn - vedtak i Heradsstyret 09.12.2015.

Komite for oppvekst idrett og kultur vedtok 20.05.2015 vegnamn for dei ulike adresseparsellane. Ca. 12 vegnamn vart sendt til Stadnamntenesta for uttale om skrivemåten. Vegnamna har vore til handsaming i Formannskapet og Heradsstyret vedtok i møte 09.12.15 vegnamn for desse ulike adresseparsellane. 

22. desember 2015 Les meir om vedtaket.
Web levert av CustomPublish