Kommunereform - framtidig kommunestruktur for Osterøy

Hausten 2014 vart alle norske kommunar invitert til å delta i ei omfattande reform der målet er å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar.

På denne sida kan politikarar og innbyggjarar i Osterøy finna informasjon om historiske og nye vedtak, rapportar, sentrale råd og retningsliner - samt eit innblikk i prosessen fram mot vedtak i heradstyret 22.juni.2016.

Sida er eit lokalt supplement til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sine eigne sider om kommunereforma. På sidene til KMD kan du mellom anna følgje med på siste nytt om kommunereforma i media, og sjå kva milepæler regjeringa har lagt opp til fram mot handsaming av saka om kommunereform i Stortinget. Sentrale lenkjer finn du i menyen til høgre. Les du saka på mobil finn du lenkene i ein boks under artiklane.

Kommunereform utgreiingsalternativ

Folkemøte om framtidig kommunestruktur

Korleis vert framtida til Osterøy kommune?

Innan 1. juli skal kommunestyret gjera vedtak i høve til framtidig kommunestruktur. Dette er eit viktig vegval for kommunen og for framtidig samfunnsutvikling.

I samband med prosessen skal det gjennomførast fleire folkemøter. I møta vil kommunen gi informasjon om arbeidet  og der vil bli anledning for innbyggarane å  gje innspel til forhandlingsutvalet.

Lonevåg barneskule 25. april kl 1830-2030.

Valestrand skule 2. mai kl 1830-2030

Fotlandsvåg skule 10. mai kl 1830-2030

Haus skule 12. mai kl 1830-2030

14. april 2016 Les meir
Osterøybrua Toppfelt

Kommunereforma

Hausten 2014 vart alle norske kommunar invitert til å delta i ei omfattande reform, der målet er å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar.

15. februar 2016 Les meir
Web levert av CustomPublish