Møtet vert halde i Osterøy rådhus og startar kl. 13.00. På sakslista til dette møtet står m.a. søknad frå Fotlandsvåg idrettslag om kommunal garanti for lån. Lånet skal brukast til å finansiera kunstgrasdekke på idrettsplassen inntil laget får utbetalt spelemidlar og andre tilskot. Forlenging av Alkoholpolitisk plan ut denne valperioden skal og handsamast. Rådmannen foreslår å ta opp til rullering av den delen som gjeld førebyggande tiltak for barn/unge.
Fremskrittspartiet har teke opp forslag om reduksjon av medlemstalet i heradsstyret, og rådmannen legg no fram sak om dette.
I samband med rullering av kommunenplanen må det utarbeidast akseptkriterium for risiko på ulike område. Dette gjeld område der krav/standard ikkje er fastsett i lovverk m.v. Kriteria skal vedtakast i heradsstyret før ein går vidare med risikovurdering av alle foreslåtte nye utbyggingsområde i kommuneplanen. Dette er aktuelt i høve til fare for ras, flaum som følgje av klimaendringar, eller anna risiko knytt til utbyggingog lokalisering. Sakspapira til denne saka vert lagt fram i møtet.
Saksliste og dokument finn du ved å klikka på "Les mer" og gå inn på fila under.