Fadderprosjektet er ein unik sjanse til å koma i kontakt med erfarne brukar som er interessert i å dele kunnskap, kompetanse og erfaring på ein lett og triveleg måte. Dette for å lukkast med drifta. Me tilbyr eit uformelt samarbeid med rammer som garanterer deg gratis (subsidiert) rettleiing frå fadderen din, eller kurs, nettverksbygging og kontakt med faglaga, som vil gjera starten til ein endå betre ein! Fadrane vil setja pris på å få deg som ny kollega i nærleiken, både for trivnaden og framtida sin del.
Eit kompetent nettverk vil kunne hjelpe deg med mykje:
|
Trong for:
|
Dei hjelper deg!
|
|
Ressursvurdering
|
Fadder
|
|
Areal/bygging/maskiner
|
Fadder
|
|
Nettverk/tilgong til faglag
|
Fadder
|
|
Visjon
|
Fadder
|
|
Vurdere driftsplan
|
Fadder/ Norsk landbruksrådgiving
|
|
Formidle tomme bygg
|
Fadder
|
|
Opplevingar/fjellbeite
|
Fadder
|
|
Husdyrlære/plantelære
|
Fadder/ Norsk landbruksrådgiving/ Hordaland sau og geit/ Mattilsynet
|
|
Formidling av dyr
|
Fadder/ Nortura
|
|
Omsetting
|
Fadder/ Nortura
|
Med 10 aktørar på di side vil du lukkast:
1. Hordaland Bondelag, 2. Hordaland Bonde og Småbrukarlag, 3. Norsk landbruksrådgiving, 4. Nortura, 5. Hordaland Sau og Geit, 6. Mattilsynet, 7. Skogeigarlaget Vest, 8. Fadder, 9. Landskap i drift, 10. Landbrukskont
Korleis koma i gong?
Ta kontakt med oss - me vil hjelpa deg med å få kontakt med "fadderen" din. Fadderen vil tilby 15 timar rådgjeving som han/ ho får dekka av prosjektet. Det kan også bli lagt til rette studietur, bondekafé og enkelte kurs som kan verte nyttig for den vidare drift.
For meir info kan du også sjekka heimsida vår: www.landskapidrift.no à "Fadderprosjekt"
Meld din interesse innan 31. aug!