Administrasjonsutvalet

Administrasjonsutvalet er samansett av politikarar og arbeidstakarrepresentantar. Medlemmene i Formannskapet utgjer arbeidsgjevarsida (9 medlemmer) og dei 4 resterande vert valde av arbeidstakarorganisasjonane i samsvar med reglane i Hovudavtalen. Dette såleis eit partssamansett utval, oppretta med heimel i kommunelova § 25, og saker av overordna karakter som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette skal behandlast i utvalet.

Administrasjonsutvalet skal behandla overordna retningsliner for personalpolitikk, herunder utviklings- og omstillingsprosessar, reglement, instruksar og andre saker av prinsipiell karakter i høve til kommunen sitt arbeidsgjevaransvar. Utvalet har vidare uttalerett i ulike saker slik dette går fram av reglementet.

Saker om førebuing til og gjennomføring av forhandlingar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane fell utanfor utvalet sitt ansvarsområde.

Reglement for administrasjonsutvalet PDF document ODT document

 

Web levert av CustomPublish