Adresseprosjektet – status

Det vart oppretta namnesak på 22 vegar på Osterøy tilbake i januar 2016. Stadnamnstenesta på Vestlandet utarbeida ei tilråding som er send til Statens kartverk. Saka ligg fortsatt til behandling hjå Statens kartverk og dei involverte i kommunen har heile tida jobba for å prøve å få fortgang i saka slik at me kan få fullført adresseringa i kommunen.

Me beklagar ovanfor innbyggjarane våre at dette har teke lang tid. Dette skapar problem for blant anna post og det å finne fram til våre innbyggjarar på Osterøy.

Ved siste kontakt med Statens kartverk vart det antyda at saka skulle vera klar for vedtak i mars / april 2018.

Når me får tilsendt endeleg vedtak frå Statens kartverk vil det bli sendt ut "Melding om tildeling av adresse" og offisiell adresse vil bli registrert i matrikkelen.

 

Vegar det er oppretta namnesak på:

· 1004 Votlovegen (Votlo)

· 1005 Mjeldalen (Mjeldadalen)

· 1027 Herlandsfossen (Helland og Herland)

· 1128 Leiknesfjøra (Leiknes og Lekneset)

· 1130 Leiknesflaten (jf. førre)

· 1129 Skålevikvegen (Skålvika)

· 1136 Rollandshaugen (Rødland)

· 1137 Rollandflaten (jf. førre)

. 1164 Vevleheia

· 1085 Nedsterinden (Nesterinden)

· 1088 Reistadåsen (Reistad)

· 1090 Reistadflaten (jf. førre)

· 1091 Reistadvegen (jf. førre)

· 1098 Skorahaugane (Skor og Skår)

· 1099 Skoravegen (jf. førre)

· 1042 Selvika (Selviki)

· 1152 Heimvika (Heimviki)

· 1066 Kårvika (Kårviki)

· 1058 Båtaleitet (ikkje i SSR)

· 1059 Båtaleitshaugen (Båtaleithaugen)

· 1147 Geitaryggen (Geiteryggen og Geitryggen)

· 1154 Kjørrgrova (Kjørgrova)

Web levert av CustomPublish