Haldorvika dagaktivitetssenter for personar med demenssjukdom

Osterøy kommune starta i 2012 opp dagavdeling for heimebuande personar med demens - dagaktivitetssenter i Haldorvika.

Målgruppa er personar som har demenssjukdom eller er under utreiing og bur heime.

Opningstider i Haldorvika:

Måndag, tysdag, torsdag: kl. 9.00 - 14.00

Onsdag: Kl. 10.00 - 15.00 – Turdag, ut på tur i skog og mark, evt. kulturtiltak.

Transport til/frå heimen etter avtale

Dagaktivitetssenteret har fokus på :

  • Oppleving av mestring
  • Fysisk aktivitet og styrketrening
  • Trivsel og respekt
  • Sosialt samvær
  • Oppretthalde funksjonsnivå
  • Avlaste pårørande

Kontakt

Ta gjerne kontakt på tlf: 94534441 eller 90297202 for meir informasjon.

Søknad sendes på skjema for kommunale helse- og omsorgstenester, kryss av for: dagtilbod for personar med demens.

Formål

Osterøy kommune har etter søknad fått tildelt midlar til å etablera Dagavdeling for heimebuande personar med demens. September 2012 starta dagaktivitetstilbodet i Haldorvika.

Målgruppa er personar som har demenssjukdom eller er under utreiing og bur heime.

Formålet er eit dagtilbod som bidrar til ein meiningsfull dag i eit miljø med fokus på sosialt samvær, tryggleik og oppleving av meistring. Brukarane skal kjenne seg respektert og verdsett. Det er viktig å tilretteleggje for den enkelte slik at ein med sin demenssjukdom kan delta i samfunnet til tross for sin sjukdom.

Det er ein nasjonal målsetjing at alle som ynskjer det skal kunne bu heime lengst mulig. Eit dag-aktivitetstilbod vil gje den som bur aleine tryggleik og faste rutinar i kvardagen. Pårørande som bur med personen med demens vil ha behov for jevnlig avlastning. Gode dag-aktivitetstilbod kan bidra til ein meiningsfull dag for personar med demens, kan forhindre eller utsetje innlegging i sjukeheim, kan gje «friminutt» for dei som bur med personen med demens.

Det finnes over 70 000 personar med demens i Norge.  60 % bur i eigen heim.

Ei ny nasjonal kartlegging av tilbod til personar med demens i 2014 viste at antall kommunar som har dagtilbod har auka frå 130 i 2007 til 305 i 2014. Dette er ei følgje av nasjonal satsing på dagaktivitetstilbod i Demensplan 2015, inkludert statlig støtteordning. Regjeringa ønsker å lovfeste tilbodet frå januar 2020 ifølge Demensplan 2020. Vidare heiter det at det vil leggast vekt på å utvikle meir fleksible og differienserte tilbod (http://www.aldringoghelse.no/startside/ny-nasjonal-kartlegging).

Web levert av CustomPublish