HjemKampanjer

Kampanjer


Pårørandeskulen - For pårørande til personar med demens

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.
Gjennom faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtaler får du kunnskap om demens og treff andre pårørande i same situasjon.

Det blir foredrag, pause med enkel servering og samtalegrupper der ein får høve til å lytte og fortelje om eigne opplevingar.

Påmelding

Klikk her for å gå til påmelding. 

Program

Kurskveldane varar frå kl. 18.00 - 20.30.

Her finn du oss

Matstova på Osterøytun

Kva kostar det?

kr 350,- betalas kontant første kurskveld.

​Tema og foredragshaldarar (med forbehold om endringar):

  • 15.01.2019 - Sjukdomslære - Pål Naalsund
  • 22.01.2019 - Kommunikasjon - Linea Vedå
  • 29.01.2019 - Pårørandes situasjon - Terje Årsvoll Olsen
  • 05.02.2019 - Jus/ rettigheitar - Ivar Bergesen
  • 12.02.2019 - Kommunale tilbod - Osterøy kommune
    • "Min opplevelse" - pårørande

 

28.12.2018

Velkommen til den nye sida vår

Vi har tenkt på deg når vi har laga den nye innbyggjarportalen, og håpar du finn det du leitar etter.

  • Kva behov har du?
  • Korleis skal vi byggje den nye sida slik at du finn fram?
  • Korleis kan vi skrive slik at du forstår og kan hjelpe deg sjølv?

Ei kommunal nettside inneheld mykje informasjon og skal dekke mange ulike behov. Vi har bygd sida etter det vi veit om behovet til deg som bur og driv næring i kommunen vår.

Kva er nytt?

Vi har fått på plass «Min side», der du kan logge på og finne snarvegar til Altinn og Lånekassen. Her kan du også finne fakturaer frå kommunen og be om betalingsutsetjing.

På sikt vil «Min side» gi alle som bur og driv næring i Osterøy kommune ein oversikt eige forhold til kommunen. Vi jobbar vidare med å få på plass fleire tenester på «Min side», og vil informere etter kvart som dei kjem på plass.

Du vil også oppleve at sida ser annleis ut. Vi har gitt meir plass til tenester, mindre til nyheiter og kalender. Dette har vi gjort fordi vi veit at dei fleste kjem til ei kommunal nettside for å finne informasjon om tenestene våre, til dømes barnehage eller byggjesak.

Aktivitetskalendaren

Alle som ønskjer det (til dømes lag og organisasjonar) kan legge inn arrangement i aktivitetskalenderen ved å identifisere seg med e-post eller SMS.

Når du trykkjer på "opprett arrangement" får du opp 3 alternativ: E-post, SMS, eller Redaktør/Administrator. 

  1. Be om å få tilsendt ein kode på sms eller e-post
  2. Logg inn med eingongskoden
  3. Opprett aktivitet

(Redaktørar og administratorar gjeld berre for oss som styrer heimesida.)

Saknar du noko?

Ta gjerne kontakt med oss. Alle innspel og spørsmål gjer oss betre.

Send tilbakemeldinga di til heimesida@osteroy.kommune.no.

12.12.2018