HjemNyheterHar borna dine flytta ut for å studere?

Har borna dine flytta ut for å studere?

Er du bekymra for branntryggleiken i utleigebustaden kan du ta kontakt med brannvesenet.

Sjekk at bustaden har røykvarslar, sløkkjeutstyr og tilfredsstillande rømningsvegar. Gå gjerne gjennom denne sjekklista saman med din student.

  1. Er bustaden godkjent til bustadformål?
  2. Er bustaden i kjellar eller på loft? Sjekk at du har to uavhengige rømningsvegar med mindre leilegheita er godkjent med barre éin. Vindauge kan vere éin rømningsveg.
  3. Er vindauget stort nok til at du kjem deg ut dersom noko skulle skje?
  4. Har bustaden fungerande røykvarslarar? Batteri i røykvarslar skal bytast minst éin gong i året med mindre batteriet har lengre levetid. Dersom leilegheita er kopla til ein brannsentral, sjekk at den står i normal drift.
  5. Sørg for at bustaden har tilgang på sløkkjeutstyr i form av husbrannslange og/eller handsløkkjer som fungerer. Sløkkjeutstyret skal kunne brukast i alle rom og apparatet sin trykkmålar (pil) skal peike på grønt.
  6. Hald rømningsvegane ryddige. Ikkje bruk rømingsvegane som lagerplass for boss, syklar, barnevogner og liknande.

 

Er du bekymra vedrørande branntryggleiken i utleigebustad?

Ta branntryggleiken på alvor og meld frå om du er bekymra! Du kan melde inn di bekymring på branntips.no. Du kan også ringe oss på 53 03 02 90, dersom det gjeld forhold som krev oppfølging same dag. 110 ringer du ved akutt behov for hjelp ved brann og andre ulykker.

Det er viktig at du seier frå når du er bekymra for ulovleg innreiing av loft og kjellarar, mangel ved elektriske anlegg, parkerte bilar som hindrar brannvesenet i å komme fram, manglande eller sperra rømningsmoglegheiter i bustader og forsøpling i bakgardar.

Bergen brannvesen følgjer opp alle bekymringsmeldingar. For at vi skal kunne utføre oppfølginga på best mogleg vis, må det kome tydeleg fram kvar det er og kva bekymringa gjeld. Dersom meldaren ønskjer ei tilbakemelding på korleis vi har følgt opp bekymringsmeldinga, må det oppgjevast ei e-postadresse og/eller eit telefonnummer.


Sist oppdatert: 16.08.2019
Publisert: 16.08.2019