HjemNyheterKomfyrvakt kan redde heimen din frå brann

Komfyrvakt kan redde heimen din frå brann

I fjor var det 153 komfyrbrannar i Hordaland. Ein komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk.
Publisert: 13.02.2019
Sist endra: 13.02.2019

Komfyren er den største brannkjelda i heimen, og dei fleste komfyrbrannar kjem av manglande merksemd, ikkje tekniske feil ved produktet.

- Ingen tek skade av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade dersom du gløymer det, seier brannsjef Leif Linde.


Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet hadde 304 brannutrykkingar til bustadar i Hordaland i 2018. Heile 50 prosent av utrykkingane skriv seg frå komfyren.

- Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet. Enten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt manglande merksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll, seier brannsjefen.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustadar. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekkje kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

Slik fungerar komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.


- Hald oppsikt under matlaging og skru av eller demp varmen dersom du vert avbroten. Det er også viktig å reingjere ventilator jamleg og passe på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen, seier brannsjef Leif Linde.

Komfyrvaktkampanjen

Onsdag 13. februar vert det arrangert ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd om dei mange komfyrbrannane. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og det lokale eltilsynet ha lokale aktivitetar over heile landet.

 Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkyndige selskap.

 

Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.