Valdagen måndag 09.september
Det vert halde val på representantar til kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag 09. september 2019.
Du har røysterett ved valet dersom du oppfyller eitt av disse krava:
- Du er norsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret og er eller har vore registrert som busett i Noreg.
- Du er statsborgar i eit anna nordisk land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige), har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrert som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
- Du er utanlandsk statsborgar, har fylt 18 år innan utgangen av valåret og har vore registrert som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.
For å bruka røysteretten må du dessutan stå i manntalet i ein kommune. På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er registrert som busett pr. 30. juni 2019.
Her kan du røysta på valdagen i Osterøy kommune:
Haus krins: Haus skule, gymnastikksalen kl. 12.00 - 20.00
Bruvik krins: Bruvik helselag sitt fellesrom kl. 12.00 - 20.00
Hauge krins: Osterøy integrerings- og læringssenter (gamle Hauge skule) kl. 12.00 - 20.00
Lonevåg krins: Lonevåg skule kl. 12.00 - 20.00
Fotlandsvåg krins: Fotlandsvåg skule kl. 12.00 - 20.00
Valestrand krins: Valestrand skule, gymnastikksalen kl. 12.00 - 20.00
Hugs godkjend legitimasjon og valkort!