Digitalt planregister BRAplan

Du kan finna informasjon om arealplanar i BRA-plan (register), på www.nordhordlandskart.no (kartløysing - oppdaterast dagleg) og på www.seplan.no (kartløysing - oppdaterast årleg). 

Osterøy kommune arbeidar med å finne betre løysing for innsyn i plansaker og oversikt over arealplanar i kart. Dette vil gjera det enklare og meir tilgjengeleg for fleire å få oversikt over kva planar som er aktuelle og gjeldande i kommunen. 

Etter §2-2 i Plan- og bygningslova er kommunen underlagt lovfesta krav om eit oppdatert planarkiv. Kvar kommune skal føre register over alle gjeldande arealplaner i kommunen, med tilhøyrande føresegn, vedtekne endringar og dispensasjonar til vedtekne arealplanar. Registeret kan også inneholde andre opplysningar som kan vere relevant for planarbeidet i kommunen, td. forslag til planar som er under handsaming i kommunen. 

BRA-plan.PNG

I BRA-plan kan du: 

  • Finna gjeldande arealplanar.
  • Søke etter arealplanar med tilhøyrande aktuelle dokument som er eller har vert på høyring og offentleg ettersyn. Legg inn "Osterøy" under eigarkommune og søk på plannamn, planID eller områdenamn. 
  • For meir informasjon om prosess og avklaringar gjennom planarbeidet kan ein søkja opp saka i kommunen sitt planarkivhttp://www.osteroy.kommune.no/soek-etter-saker.300727.nn.html. Følg lenkja og søk på planID, plannamn, område el.l. Ta gjerne kontakt med planavdelinga dersom det er vanskeleg å finna fram, finne rett plansak eller om det er noko anna vi kan hjelpe med.

Slik går du fram når du skal finne planar i BRA-plan:

  1. Trykk på rullegardina for eigarkommune i søkjefeltet. Vel Osterøy kommune.
  2. Trykkjer du på søk utan å definere planid, plannamn eller saksnummer, får du opp alle planane for Osterøy kommune. Både gjeldane, pågåande og utgåtte planar.
  3. For å finne ein bestemt plan, må du skrive inn rett namn på planen. Er du usikker på heile namnet, prøv med første bokstaven.
  4. Namnet på planane har ulik farge, og seier noko om status for planen:
    • Ein plan med grøn farge er vedtatt og gjeldande.
    • Ein plan med svart farge er under arbeid.
    • Ein plan med raud farge er avvist eller utgått.
Web levert av CustomPublish