Alarmtelefonar
Kontakt Servicekontoret
NAV Osterøy
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
Informasjon Publisert 05.02.2010
Ole Bull logo

5. februar er det 200 år sidan fiolinisten og komponistenOle Bull vart fødd.  
Biblioteket starta feiringa onsdag 3. februar med arrangement for barnehageborn og skuleborn torsdag. Fredag 5. februar har Senioruniversitet si markering med vitjing av Knut Hendriksen, Ole Bull sitt tippoldebarn og felespelaren Håkon Høgemo.

Informasjon Publisert 27.01.2010
Fotlandsvåg skule

Møtet vert halde i Osterøy rådhus og startar kl. 13.00. På sakslista til dette møtet står m.a. søknad frå Fotlandsvåg idrettslag om kommunal garanti for lån. Lånet skal brukast til å finansiera kunstgrasdekke på idrettsplassen inntil laget får utbetalt spelemidlar og andre tilskot. Forlenging av Alkoholpolitisk plan ut denne valperioden skal og handsamast. Rådmannen foreslår å ta opp til rullering av den delen som gjeld førebyggande tiltak for barn/unge.

Fremskrittspartiet har teke opp forslag om reduksjon av medlemstalet i heradsstyret, og rådmannen legg no fram sak om dette.

I samband med rullering av kommunenplanen må det utarbeidast akseptkriterium for risiko på ulike område. Dette gjeld område der krav/standard ikkje er fastsett i lovverk m.v. Kriteria skal vedtakast i heradsstyret før ein går vidare med risikovurdering av alle foreslåtte nye utbyggingsområde i kommuneplanen. Dette er aktuelt i høve til fare for ras, flaum som følgje av klimaendringar, eller anna risiko knytt til utbyggingog lokalisering. Sakspapira til denne saka vert lagt fram i møtet.

Saksliste og dokument finn du ved å klikka på "Les mer" og gå inn på fila under.

 

Informasjon Publisert 27.01.2010
Lonevåg tettstad

Det vart halde ope møte vedkommande tettstadanalysen i Lonevåg onsdag 20.januar. Tilstades var eit tjuetals representantar frå idrett, grendarådet, det lokale næringslivet, byggmeistrarar, grunneigarar, referansegruppa, nytilflyttarar m.m.

Analysen blei presentert og møtet blei avslutta med ei idémyldring. Dei oppmøtte viste stort engasjement og var positive til tiltaket.

  

Informasjon Publisert 25.01.2010

Det er i Osterøy kommune oppretta et konsultasjonsteam for vald og overgrepssaker. Målet med opprettinga av teamet er å betre beredskapen i kommunen og gje hjelp til barn som kan være eksponert for vald, omsorgssvikt eller utsett for seksuelle overgrep. Teamet er tverrfagleg og tverretatleg samansett og skal være et lavterskeltilbod i kommunen. Privatpersonar, tilsette, frivillige eller andre som av ulike årsaker er bekymra for eit barn, kan ta kontakt med teamet for konsultasjon og drøfting av den vidare handtering av saka. Det er den bekymra som er "eigar" av saka, teamet si rolle er å støtte, gje ulike råd og tips alt etter kva den bekymra er opptatt av. Teamet har teieplikt og saker kan diskuterast anonymt.

Informasjon Publisert 25.01.2010
Skogbruksveg

Fylkesmannen har sendt ut ei pressemelding om at dei har sett i gang eit prosjekt for å synleggjere framtidig vegbehov og samstundes få ei oversikt over eksisterande skogsvegar i Hordaland.

Informasjon Publisert 22.01.2010

Osterøy heradsstyre gjorde i møtet 09.12.09, sak 066/09 og sak 065/09 vedtak om nye satsar for fylgjande kommunale gebyr og avgifter:

Informasjon Publisert 12.01.2010
Vaksinasjon

Det er ikkje behov for revaksinasjon av barn under 10 år. Berre personar med nedsett immunforsvar har behov for 2 doser.

Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk har gjennomgått føreliggjande data om effekt og biverkningar av pandemivaksina Pandemix. Konklusjoner er at ein vaksinedose ser ut til å gje god nok effekt for dei aller fleste barn og vaksne.

Personar med nedsett immunforsvar vert framleis rådd til å ta to doser med minimum 3 vekers mellomrom.

Dei som enno ikkje har fått vaksine mot svineinfluensaen ber vi  ta kontakt med Valestrand eller Lonevåg Legekontor. Der vil det truleg verta sett opp vaksineringstidspunkt 1 gang/veke på kvart legekontor. Prisen for vaksinering vert kr 150 kroner for barn og vaksne.

Informasjon Publisert 06.01.2010
Alarmtelefonen for barn og unge

Den landsdekkjande Alarmtelefonen for barn og unge blei opna 2. juni 2009. Telefonen er eit ledd i regjeringas handlingsplan mot vold i nære relasjonar (2008-2011). Telefonen er i første rekkje for barn og unge som er utsett for ulike typar vold, overgrep eller omsorgssvikt. Målet er at barn og unge sjølv skal ringje Alarmtelefonen for å få hjelp. Vaksne eller vener som er bekymra for enkeltbarn kan også ta kontakt. Det er gratis å ringje.

Informasjon Publisert 22.02.2009
Bilder frå Osterøybrua, er henta frå osterfjord reiselivslag

Folketalet i kommunen auka med 47 personar til 7 352  ved årsskiftet, viser tal frå SSB. Den postive folketilveksten dei siste åra ser dermed ut til å halde fram.

Informasjon Publisert 30.04.2008
Lurer du på om du eller nokan av dine næraste har hukommelsesvanskar?
Hukommelsesteamet består av demenssjukepleiar og ergoterapeut.
I samråd med fastlege kan me hjelpe til i utredning og veiledning ved hukommelsesvanskar.
Kontaktinformasjon
Osterøy kommune
5282  Lonevåg
 
E-post : post@osteroy.kommune.no
 
 
Telefon : 56192100
Faks : 56192101
Org.nr. : 864.338.712
Kommunenr. : 1253
_
Åpningstid : 08.00 - 15.30
Kontakt ordføraren
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips en venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Dagens bilde
Osterøy museum
Osterøy museum
Levert av ACOS AS