|
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
 Publisert 23.07.2010
I medhald av plan- og bygningslova § 11-14, har Formannskapet i møte 09.06.10 vedteke å leggje planframlegg til Kommuneplanen sin arealdel 2010-2022 ut til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn:
Planframlegget er ei rullering av tema bustad, fritidsbustad og næring. Framlegget omfatter ei planskildring, plankart, føresegn, konsekvensutgreiing (KU) og Risiko og sårbaranalyse (ROS) og merknad til innkomne innspel. Det vert opna for mellom anna 5 nye areal til bustad, 4 til fritidsbustad, utviding av 4 næringsareal og ein legg til rette for eit nytt stort næringsareal. Samstundes er det presentert to alternativ til ny gravplass.
 Publisert 22.07.2010
Vi har ledig fleire helgestillingar ved Osterøytunet, somatisk/dementavdeling, både faste stillingar og vikariat. Stillingsstorleik 15,5%, dvs arbeid kvar 3. helg.
Hovedarbeidsoppgåver for stillinga: Vanleg helgearbeid i institusjon.
 Publisert 16.07.2010
Fadderprosjektet er eit tiltak der nye brukarar vert rekruttert, og får påfyll av kunnskap. Gjennom dette prosjektet vil vi få meir trivnad, auka kompetanse, tettare fagmiljø og meir samarbeid (t.d. sanking, hausting, avløysing, innkjøp av driftsmidlar og mykje meir). Prosjektet legg til grunn et tett samarbeid med andre rådgjevingsteneste. Ramma til heile prosjektet vil vera eit strukturert opplegg, der både fadder og "fadderelevane/ nystartarar" vil få nytte gjennom kompetanse- og nettverksbyggjande tiltak. Økonomisk stønad frå hovudprosjektet Landskap i drift til enkelte fadrane skal honorera innsatsviljen deira frå offisiell side, noko som vil vera eit viktig signal ut til næringa.
 Publisert 07.07.2010
Årsmelding og rekneskap for 2009 vart handsama i heradsstyret 21. april.
Nedanfor finn du dokumenta ved å klikka på "Les mer" og gå inn på dokumentet under.
 Publisert 06.07.2010
I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, har Formannskapet i møte 09.06.10 vedteke å leggja følgjande framlegg til reguleringsplan ut til 1.gongs høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering Nedre Botnavatn plannr: 12532009003
Framlegg til regulering gjeld anleggsveg frå Os kraftstasjon ved Osvatnet til damanlegg ved Nedre Botnavatn. Planavgrensinga er noko justert etter oppstartsmelding. Tiltakshavar er BKK Produksjon og Multiconsult AS er utførande konsulent.
 Publisert 06.07.2010
I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-12 og 12-14 har Formannskapet i møte 09.06.10 vedteke Mindre vesentleg reguleringsendring av Reguleringsplan for Fotballbane i Fugledalen, plannr. 1253 2006 0800. Endringa legg til rette for utbygging av tribune og lager i tilknyting til Osterøyhallen. Tiltakshavar er Osterøy Aktiv og utførande plankonsulent er Arcoconsult AS.
 Publisert 06.07.2010
I medhald av plan- og bygningslova § 27-2 av-85 har Osterøy kommune, 16.06.10, vedteke Reguleringsplan Hamre, Klenavågen, plannr. 1253 2008 1100 Planen gjeld småbåthamn med tilhøyrande infrastruktur, avfallshandtering og framtidig klubbhus og omfattar gnr 128, bnr 2,3,15. Tiltakshavar er Hamre småbåtlag og utførande konsulent er Weglo design AS.
 Publisert 29.06.2010
Det er i Osterøy kommune oppretta et konsultasjonsteam for vald og overgrepssaker. Målet med opprettinga av teamet er å betre beredskapen i kommunen og gje hjelp til barn som kan være eksponert for vald, omsorgssvikt eller utsett for seksuelle overgrep. Teamet er tverrfagleg og tverretatleg samansett og skal være et lavterskeltilbod i kommunen. Privatpersonar, tilsette, frivillige eller andre som av ulike årsaker er bekymra for eit barn, kan ta kontakt med teamet for konsultasjon og drøfting av den vidare handtering av saka. Det er den bekymra som er "eigar" av saka, teamet si rolle er å støtte, gje ulike råd og tips alt etter kva den bekymra er opptatt av. Teamet har teieplikt og saker kan diskuterast anonymt.
 Publisert 31.05.2010
Norges geologiske undersøkelse (NGU) vil gjennomføre geofysiske målingar frå fly på Vestlandet og Sørlandet. Det inneberer ein omfattande aktivitet med lågtflyging dei kommande tre månader. Området strekkjer seg frå Sunnfjord i nord til Mandal i sør og dekkjer 12.000 km².
 Publisert 27.04.2010
I Hordaland deltar kommunene Osterøy, Askøy, Fjell, Kvinnherad, og bydelene Fana, Ytrebygda og Årstad i ein studie med målsetting å samanlikne nytteverdien av eit "strukturert støtteprogram" med "tilbud om hjelp etter behov" for heimebuande personar med demens og deira pårørande i forhold til betre meistring og auka livskvalitet.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Osterøy kommune
|
|
|
|
|
|
5282
Lonevåg
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56192100
|
|
Faks
|
:
|
56192101
|
|
Org.nr.
|
:
|
864.338.712
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1253
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08.00 - 15.00
|
|
|