Informasjon Publisert 01.09.2010
Skrivebok

Til dette møtet ligg det føre fleire plandokument til handsaming. Først og fremst gjeld dette økonomiplan 2011 - 2014 for kommunen. Her vert økonomiske rammer for drift og investeringar dei neste 4 åra fastsett. Økonomiplanen vil verta rullert kvart år. Første året i økonomiplanen gir rammene for budsjettet dette året.

Opprusting av arealet utanfor Osterøyhallen og rådhuset har lenge vore etterspurd. Rådmannen legg no fram forslag til tilleggsfinansiering for del 1 av prosjektet  gjennom omdisponering i investeringsbudsjettet.

Elles står temaplan for Habilitering og rehabilitering på sakslista for behandling og godkjenning.

Sak om uttale/innspel til Trafikksikringsplan for Hordaland står og på sakslista. Det same gjer Strategisk næringsplan for Bergensregionen.

IKT-samarbeid i Nordhordland. Rådmannen rår til at Osterøy går inn i dette. Intensjonen er oppstart frå 01. januar i 2011.

Innkalling med alle saker og vedlegg finn du ved å klikka på "Les mer" og deretter på fila under.

Informasjon Publisert 30.08.2010
Gardskart1

Bønder i Osterøy kommune får i desse dagar eit nytt kart over eigedomen sin. Landbrukskontoret sender nå ut gardskart som viser korleis jordbruksareala fordeler seg på dei einskilde landbrukseigedomane.

Informasjon Publisert 20.08.2010
valgurne

Kommunal- og regionaldepartementet vil også ved valet 2011 setja av pengar til informasjonstiltak. Målet er å auka kunnskap og valdeltaking.

Søknadsfristen er 20. september.

Meir om kva det kan søkjast tilskot til, kven som kan søkja og retningsliner for tildeling finn du ved å gå inn på lenka under.

 

Informasjon Publisert 20.08.2010
Demens logo

Osterøy demensforening ynskjer å ta opp at suksessen med demenskafé.  Me vil starta opp hausten 2010, men for å sjå om det framleis er interesse for dette, ynskjer me no kontakt med dykk som har lyst å vera med.
Her er det plass for alle!

Informasjon Publisert 12.08.2010
Bullahuset i flomlys

14. august kl 16.00 inviterar Stiftinga Kystsogevekene og Osterøy kommune til offisiell opning av Kystsogevekene 2010

Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter vil stå for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2010.
På opningsdagen av Kystsogevekene 2010 hyller vi Ole Bull og tilknytinga hans til heimtraktene. Landskapet, fjorden og folket på Osterøy var viktige inspirasjonskjelder for nasjonalromantikaren Ole Bull. I opningsprogrammet får vi smakebitar får Osterøy sitt kulturliv i eit vidt spekter - det vert folkemusikk, dansemusikk og funk, musikk komponert av Ole Bull i tillegg til ein liten smakebit frå spelet om livet hans. Programmet spegler dualiteten i Ole Bull og i Kystsogevekene - både det tradisjonsrike og det moderne, det folkelege og det profesjonelle. Gjennom musikk og framføringar vil vi få oppleve kultur som har oppstått ved kysten langs fjorden slik det høver seg når det er opning av den store kystkulturmønstringa Kystsogevekene.

Informasjon Publisert 02.08.2010

Osterøy kommune kommune ønskjer anbod på desse prosjekta:

* Hauge nye barnehage.
* Haus idrettsplass kunstgras og friidrettsdekke. 
* Osterøy kommune, diverse asfaltarbeid.
* Rådhusplassen etappe 1

 For meir informasjon syner ein til utlysing i www.doffin.no : http://www.doffin.no/search/search_Auth.aspx 

Informasjon Publisert 27.04.2010
Demens i familien

I Hordaland deltar kommunene Osterøy, Askøy, Fjell, Kvinnherad, og bydelene Fana, Ytrebygda og Årstad i ein studie med målsetting å samanlikne nytteverdien av eit "strukturert støtteprogram" med "tilbud om hjelp etter behov" for heimebuande personar med demens og deira pårørande i forhold til betre meistring og auka livskvalitet.

Informasjon Publisert 22.02.2009
Bilder frå Osterøybrua, er henta frå osterfjord reiselivslag

Folketalet i kommunen auka med 47 personar til 7 352  ved årsskiftet, viser tal frå SSB. Den postive folketilveksten dei siste åra ser dermed ut til å halde fram.

Informasjon Publisert 30.04.2008
Lurer du på om du eller nokan av dine næraste har hukommelsesvanskar?
Hukommelsesteamet består av demenssjukepleiar og ergoterapeut.
I samråd med fastlege kan me hjelpe til i utredning og veiledning ved hukommelsesvanskar.
Informasjon Publisert 12.09.2007
Av heradsstyre sine 27 faste medlemmer er det 14 nye kandidater. Med 5 nye mandat får Framstegspartiet totalt 9 mandat i heradsstyre. Arbeidarpartiet held fram med 8 mandat, Høgre mistar 1 mandat og vert 4. I tillegg til Høgre har SV og SP mista kvar sitt mandat. Tverrpolitisk sine 2 mandat går også ut.

Frammøteprosentene var 72,2 %