|
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
 Publisert 12.09.2007
Endeleg valresultat synar at Framstegspartiet fekk 33.0% prosent av stemmene og Arbeiderpartiet 27,7%. Begge partia hadde framgang frå vala i 2003 og 2005. Høgre er tredje største parti med 14.5% av stemmene, noko som er ei tilbakegang frå forrige kommuneval i 2003, men ei svak framgang frå stortingsvalet i 2005.
Kari Foseid Aakre fekk flest personstemmer og slengere.
 Publisert 07.09.2007
Gleda var stor då det vart kjent at Osterøy fekk friske midlar til vidare breibandsutbygging. Kommunen vart høgt priotitert og fekk vel tre milloner, noko som er vesentleg meir enn nabokommunane. Målet er full breibanddekning i kommunen og dei tildelte midlane gjer at vidare utbygging no kan gå raskt.
 Publisert 06.09.2007
Revisjonen presenterte nye forvaltningsrevisjonar for heradsstyre 5. september. Nordhordland Revisjon IKS har på bakgrunn av rekneskap 2006 gjennomgått drifta i alle kommunane i regionen. Resultata er samanlikna med revisjonar i 2004 og 2005 og med gjennomsnittet for kommunar i gruppe 8.
Konklusjonen er at Osterøy Kommune driv svært kostnadseffektivt på alle område. Netto driftsresultat har betra seg frå underskot til eit mindre overskot i 2006, men kommunen har eit akkumulert underskot som må dekkast inn og er difor framleis på ROBEK-lista.
 Publisert 24.08.2007
Utbygging og finansiering av ny riksveg Hauge - Lonevåg vart godkjent i statsråd i dag. Det er lagt vekt på nytteverdien for heile kommunen; tenleg veg fram til kommunesenteret, tryggleik for dei som bur langs eksisterande veg og ikkje minst betra transporttilhøve for industrien på Osterøy. Bompengeperioden på Osterøybrua skal ikkje utvidast.
 Publisert 31.07.2007
Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland har no laga eit notat som tek føre seg landbruksavdelinga sin strategi for utvikling av nye gardstilknytta klyngetun i fylket. Landbruksavdelinga vil leggje til rette for heilskapleg planlegging av nye kombinerte gards- og bustadtun. Dette inneber bygging av fleire bustadhus og eventuelt andre bygningar i nær tilknyting til eksisterande gardstun. Fylkesmannen vil setje krav om at det utarbeidast reguleringsplan for slike tun som ikkje er i samsvar med overordna plan, og vil ikkje akseptere at klyngetun vert handsama som dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova.
 Publisert 29.06.2007
I medhald av plan- og bygningslova § 20 – 5, 1. ledd vert det varsla at Osterøy heradsstyre i møte 20. juni 2007 har vedteke oppstart av rullering av arealdelen til kommuneplanen for perioden 2007 – 2018 og høyring av planprogram for rulleringa.
 Publisert 27.06.2007
Stortingsrepresentant Hilde Lydvo opna NAV Osterøy 19 juni. I staden for å klippe snora i to, knytte ho to snorer saman, som eit symbol på at sosialtenesta og Arbeids og velferdsetaten i Osterøy no er gått saman i NAV kontoret.
Lydvo gav stor honnør til dei tilsette i Osterøy for det dei allereie har fått ut av samarbeidet. Vi ser med dette at det er mogeleg å få til nye løysingar og samarbeidsformar.
Ho utfordra alle medarbeidarar i NAV til å sjå menneska og deira moglegheiter. – Saman med næringslivet må vi finne ein måte å utnytte den arbeidsevna den enkelte har, sa ho og skrytte av det lokale næringslivet på Osterøy.
 Publisert 17.06.2007
Under tema: NAV som møteplass og koordinator mellom einskildpersonar, arbeidsgjevarar, behandlings- og støtteapparat inviterer Nav Osterøy til presentasjon og dialog på opningsdagen 19. juni frå kl. 11 - 14.
 Publisert 30.03.2007
Tilleggsliste for eigedomsskatt på verk og bruk, etter tilleggstakseringar pr 30.03.07, ligg til alminneleg ettersyn i servicekontoret, Osterøy rådhus, i 4 veker frå 30.03.07.
 Publisert 14.03.2007
Vanskeleg å vera forbrukar? - no kan du få hjelp i Servicekontoret
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Osterøy kommune
|
|
|
|
|
|
5282
Lonevåg
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56192100
|
|
Faks
|
:
|
56192101
|
|
Org.nr.
|
:
|
864.338.712
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1253
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08.00 - 15.00
|
|
|