|
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
Offentlegheit og din rett til innsyn i dokument og saker
Alle har rett til innsyn i det offentlege innhaldet i dokument/brev som kjem inn til, vert laga av eller sende ut frå Osterøy kommune. Denne retten følgjer av grunnlova og reglane i offentlegheitslova. Ved å gå inn på postlista til kommunen vil du finna oversyn over inngåande og utgåande brev.
Unntak
Dokument med innhald som er underlagt teieplikt vil ikkje vera tilgjengeleg på nettet. Det same gjeld for dokument som kjem inn under unntaksreglane i offentlegheitslova.
Dokument som er unnateke offentleg innsyn skal ha påført lovheimel for unntaket.
Meiroffentlegheit
Opplysningar om dokument som er unnateke offentlegheit vil i hovedsak gå fram av offentleg postjournal. Du kan difor via kommunen sitt postmottak be om innsyn også i desse.
Kommunen er pålagt å vurdera om eit dokument, heilt eller delvis, skal gjerast tilgjengeleg, sjølv om det etter lova kan unntakast.
Opne møte
Møte i politiske utval i Osterøy kommune er opne for publikum og presse.
Møta kan verta lukka i ei sak, dersom saka inneheld opplysningar som er underlagt teieplikt eller andre viktige omsyn krev det. Lukking av møte skjer berre unntaksvis.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Osterøy kommune
|
|
|
|
|
|
5282
Lonevåg
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56192100
|
|
Faks
|
:
|
56192101
|
|
Org.nr.
|
:
|
864.338.712
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1253
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08.00 - 15.00
|
|
|