Alarmtelefonar
Kontakt Servicekontoret
NAV Osterøy
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
Planar
Samordningsparagrafen i plan- og bygningslova. I medhald av plan- og bygningslova § 20 skal kommunane driva løpande planlegging for å samordna den fysiske – økonomiske – sosiale- og kulturelle utviklinga innanfor sine områder.
Plantypar
Kommuneplanen er kommunen sin overordna plan og styringsverkty. Saman med økonomiplan, nasjonale mål og statlege føringar skal kommuneplanen gje rammer for underordna planar og handlingsprogram.
Heradsstyret skal minst ein gong i kvar valperiode vurdera kommuneplanen samla og om naudsynt gjera endringar.
Planarbeidet vert leia av det faste utval for plansaker.

Kommunedelplanar tek opp spesielle tema eller omhandlar bestemte geografiske område.
Kommunedelplanen har formelt sett same innhald, handsaming og rettsverknad som ein kommuneplan, men er gjerne meir detaljert.

Økonomiplanen skal, med utgangspunkt i kommuneplan og årsbudsjett, gje eit realistisk oversyn over inntekter, utgifter og prioriterte oppgåver. Planen skal minst omfatte dei fire neste budsjettår. Heradsstyret skal kvart år vedta ein rullert økonomiplan.

Reguleringsplan er ein detaljplan som består av reguleringskart med tilhøyrande føresegner. Planen regulerer utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområder, bebyggelse og det ytre miljø i bestemte områder i kommunen.
Krav om reguleringsplan er fastsett i arealdelen til kommuneplanen. Større byggje- og anleggsarbeid krev og reguleringsplan.

Gjeldande kommuneplan er vedteken av heradsstyret 8.10.2003.
Kommuneplanen – arealkart og skriftleg del – er til sals i servicekontoret for kr. 200,-. Prisen er ei delvis dekking av trykkerikostnader.
Kontaktinformasjon
Osterøy kommune
5282  Lonevåg
 
post@osteroy.kommune.no
 
 
Telefon : 56192100
Faks : 56192101
Org.nr. : 864.338.712
Kommunenr. : 1253
_
Åpningstid : 08.00 - 15.00
Kontakt ordføraren
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips en venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Dagens bilde
Bullahuset med bru
Bullahuset med bru
Levert av ACOS AS