Før møtet vert det halde synfaring på Bruvikvegen etter ynske frå arbeidsutvalet i Bruvik grendaråd.
Av sakene på sakslista kan ein nemna
Forslag til ny fag- og timefordelingsplan for grunnskulen.
Frå hausten 2010 skal timetalet aukast med til saman 38 timar frå 1. - 7. klasse. Rådmannen rår til at utvida timetal vert nytta til å styrka engelskfaget på 1. - 4. klasse. Dette fordi engelsk har færrast undervisningstimar av faga som inngår i grunnleggjande kunnskapar, og fordi resultatet frå nasjonale prøver viser at elevane så langt slit med å nå kravet til fagleg nivå.
Rådmannen rår også til at leksehjelp på 1. - 4. klassesteg vert organisert slik at alle kan gjera seg nytte av det, og at skulen tilpassar dette til dei lokale skyssordningane.
Gjerstad kyrkjegard
Det hastar med ei utviding av gravplassen på Gjerstad, og rådmannen vil leggja fram ei sak om kva som kan gjerast for å betra situasjonen relativt snart. Dokumenta i denne saka er ikkje ferdige og må ettersendast.
Førebuing av generalforsamling i kommunaleigde selskap
Ordføraren møter for kommunen i generalforsamlinga. Formannskapet handsamar sakene og gir tilråding i sakene. Det er kalla inn til generalforsamling 27. mai i Osterøy bruselskap AS, Osterøy Aktiv AS og Opro AS.
På sakslista står elles dispensasjons-, delings- og konsesjonssaker.
Møtet vert halde i Osterøy rådhus, heradsstyresalen og er ope for publikum.
Saksliste med dokument finn du ved å klikka på "Les mer" og gå inn på dokumentet under.