|
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
 Publisert 18.02.2008
Tolv arbeidsgjevarar som representerte 1100 arbeidstakarar deltok da NAV Osterøy inviterte til arbeidsgjevarseminar. Målet med seminaret var å knytte tettare kontakt med næringslivet og gi faglig informasjon om NAV sine tenester, tiltak og ansvar
 Publisert 07.09.2007
Gleda var stor då det vart kjent at Osterøy fekk friske midlar til vidare breibandsutbygging. Kommunen vart høgt priotitert og fekk vel tre milloner, noko som er vesentleg meir enn nabokommunane. Målet er full breibanddekning i kommunen og dei tildelte midlane gjer at vidare utbygging no kan gå raskt.
 Publisert 24.08.2007
Utbygging og finansiering av ny riksveg Hauge - Lonevåg vart godkjent i statsråd i dag. Det er lagt vekt på nytteverdien for heile kommunen; tenleg veg fram til kommunesenteret, tryggleik for dei som bur langs eksisterande veg og ikkje minst betra transporttilhøve for industrien på Osterøy. Bompengeperioden på Osterøybrua skal ikkje utvidast.
 Publisert 23.08.2007
Det har lenge vore arbeidd med å skaffe attraktive næringsareal og bustadområde nær brua. Gjennom eit samarbeid med Bergen Tomteselskap AS kan det no vera klart for storstilt bustadutbygging i Haus-området og næringsareal på Espevoll- Rolland.
 Publisert 12.04.2007
Ordføraren gler seg til å ynskja Dronning Sonja med følgje velkomen til Osterøy, der bedriftsbesøk på Lerøy Fossen AS på Valestrand står på programmet. Alle som kan vert oppfordra til å ta med seg flagg og møta fram denne dagen.
 Publisert 16.08.2006
Fylkeskommunen skriv på sine nettsider om utviklingsprosjektet på Osterøy
 Publisert 10.07.2006
Heradsstyret vedtok endringar i skjenke- og opningstider i junimøtet. Endra forskrift er no kunngjort i Norsk Lovtidend.
 Publisert 06.06.2006
Osterøy Energi AS får løyve til utslepp frå eit biogassanlegg som er planlagt etablert på Mjelstad, Osterøy kommune. Løyvet omfattar utslepp av rejektvatn frå biogassanlegget og mottak og handsaming av opptil 10 000 tonn organisk avfall og slam.
 Publisert 30.05.2006
Enova har frå Energifondet innvilga 50% tilskott til Osterfjordrådet på inntil kr 300.000 til forprosjekt for nær/fjernvarmeanlegg og anlegg for varmeproduksjon i Osterfjordregionen.
 Publisert 30.05.2006
Det er stor mangel i Hordaland på kvalifiserte operatørar for datastyrte maskiner og robotar. Komite for vidareutvikling av Osterøy vidaregåande skule har teke initiativet til etableringa av KAM, Kompetansesenteret for avansert maskinering
 Publisert 07.02.2006
Komiteen for vidareutvikling av Osterøy vidaregåande skule har arbeidd aktivt for både nytt skulebygg og nyutvikling av undervisningstilbod. Fylket sitt utval for opplæring og helse gjorde i dag samrøystes vedtak i samsvar med fylkesrådmennen sin innstilling:
 Publisert 15.12.2005
Spørjeundersøkinga i 2005 viser eit klart forbetringspotensiale på fleire områder, noko som kan gi grunn for tiltak. Særleg viste tilbakemeldingane frå næringslivet at dei ynskjer større fokus på næringspolitikk.
Takk til alle som har tatt seg tid til å svare på undersøkinga !
 Publisert 29.09.2005
Tema: Generelt tenestetilbod og næring
Osterøy Kommune har gjennomført ei spørjeundersøking i tidsrommet mai –september 2005. Formålet med denne undersøkinga var 1) å gje oss eit bilete på korleis innbyggjarane og næringsdrivande vurderer kommunen sine tenester på ei rekkje områder, 2) vurdere kva område som gir grunnlag for særlege tiltak og 3) bruke resultata som grunnlag i ulike planprosessar, særleg i det vidare arbeidet med næringspolitisk tiltaksplan.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Osterøy kommune
|
|
|
|
|
|
5282
Lonevåg
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56192100
|
|
Faks
|
:
|
56192101
|
|
Org.nr.
|
:
|
864.338.712
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1253
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08.00 - 15.00
|
|
|