Alarmtelefonar
Kontakt Servicekontoret
NAV Osterøy
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
Kunngjering kommuneplanen sin arealdel 2010 - 2022

I medhald av plan- og bygningslova § 11-14, har Formannskapet i møte 09.06.10 vedteke å leggje planframlegg til Kommuneplanen sin arealdel 2010-2022 ut til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn:  

Planframlegget er ei rullering av tema bustad, fritidsbustad og næring. Framlegget omfatter ei planskildring, plankart, føresegn, konsekvensutgreiing (KU) og Risiko og sårbaranalyse (ROS) og merknad til innkomne innspel. Det vert opna for mellom anna 5 nye areal til bustad, 4 til fritidsbustad, utviding av 4 næringsareal og ein legg til rette for eit nytt stort næringsareal. Samstundes er det presentert to alternativ til ny gravplass.   

Plandokumenta ligg på Osterøy kommune si heimeside: www.osteroy.kommune.no og til gjennomsyn i Servicekontoret på Osterøy Rådhus, Osterøy Bibliotek i Lonevåg, Coop Handel Valestrandsfossen, Joker Fotlandsvåg, Joker Bruvik og Kiwi Haus. 

Merknader til planframlegget skal sendast skriftleg og dersom dei omfattar endra arealbruk skal dei kartfestast.  Frist for å kome med merknader er 27.august 2010:

Merknader skal sendast Osterøy kommune, Plan, Osterøy Rådhus, 5282 Lonevåg eller e-post: post@osteroy.kommune.no

Plankartet er frå 23 juli bytta ut med eit nytt  for betre kvalitet  ved inn - zooming på skjerm.

Kommuneplan 2010-2022
Informasjon Publisert 12.10.2009

Arbeidet med kommuneplanen har teke lengre tid enn venta. Kommunen er no i gong med handsaming av innspel som har kome til oppstart av planarbeidet.

Informasjon Publisert 25.11.2008

Osterøy formannskap har i medhald av plan- og bygningslova §§20-1 til og med 20-6 vedteke planprogram for rulleringa av kommuneplanen sin arealdel 2007-2018 som grunnlag for vidare arbeid med planframlegg og konsekvensutgreiing (KU).

Informasjon Publisert 21.11.2008

I møte 29.10.08 vedtok planutvalet arealstrategiar som skal leggjast til grunn i det vidare arbeidet med kommuneplanen. Sjå link til dei vedtekne strategiane nedanfor. Osterøy kommune har fått tid i planforum 25.11.08. Planforum er ein møteplass mellom kommunen og regionale organ, der kommunen kan gi informasjon om - og få tilbakemelding på - problemstillingar knytt til kommuneplanlegginga. Det er kommunen som set dagsorden for møtet, og kommunen kan difor i stor grad bestemme kva ein ynskjer tilbakemelding på.

Informasjon Publisert 20.11.2008

I laupet av våren 2008 har det vore halde tre arbeidsmøte samt to dagar med synfaring med politikarane i planutvalet. På arbeidsmøta har administrasjonen gått igjennom og informert om innspela som har kome til planarbeidet. Møta har og vore eit uformelt forum for politisk diskusjon rundt innspela. I juni vart det og halde synfaring over to dagar der planutvalet og administrasjonen såg på nokre av områda der det har kome innspel. Innspela vil verte endeleg vurdert i samband med 1. gongs handsaming av planframlegget i laupet av 2009.

Informasjon Publisert 29.06.2007

I medhald av plan- og bygningslova § 20 – 5, 1. ledd vert det varsla at Osterøy heradsstyre i møte 20. juni 2007 har vedteke oppstart av rullering av arealdelen til kommuneplanen for perioden 2007 – 2018 og høyring av planprogram for rulleringa.

Kontaktinformasjon
Osterøy kommune
5282  Lonevåg
 
post@osteroy.kommune.no
 
 
Telefon : 56192100
Faks : 56192101
Org.nr. : 864.338.712
Kommunenr. : 1253
_
Åpningstid : 08.00 - 15.00
Kontakt ordføraren
Snarveier
  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips en venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Dagens bilde
Bullahuset i flomlys
Bullahuset i flomlys
Levert av ACOS AS