|
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
NAV Osterøy opna 19 juni 2007
Stortingsrepresentant Hilde Lydvo opna NAV Osterøy 19 juni. I staden for å klippe snora i to, knytte ho to snorer saman, som eit symbol på at sosialtenesta og Arbeids og velferdsetaten i Osterøy no er gått saman i NAV kontoret.
Lydvo gav stor honnør til dei tilsette i Osterøy for det dei allereie har fått ut av samarbeidet. Vi ser med dette at det er mogeleg å få til nye løysingar og samarbeidsformar.
Ho utfordra alle medarbeidarar i NAV til å sjå menneska og deira moglegheiter. – Saman med næringslivet må vi finne ein måte å utnytte den arbeidsevna den enkelte har, sa ho og skrytte av det lokale næringslivet på Osterøy.
-Nav-kontoret skal være eit likestilt samarbeid mellom kommunen og Arbeids- og velferdsetaten, og det meiner eg vi har fått til i Osterøy, sa fylkesdirektør i NAV, Jan Arvid Refseth i si helsing. NAV Osterøy er det første NAV kontoret som opnar i Hordaland etter piloten NAV Ytrebygda. – Osterøy fekk vere først fordi de har vist så stor stå-på vilje, entusiasme og engasjement. Eg vil takke alle medarbeidarar, ordførar, rådmann og prosjektleiaren for eit godt samarbeid, sa Refseth.
Osterøykoret med leiar Helge Riise bandt arrangementet saman musikalsk med vakker korsong og strålande solistprestasjonar i sangar frå deira rikhaldige repertoar.
Før opninga var det lokale næringslivet, andre samarbeidspartnarar og sentrale aktørar i kommune og stat invitert til eit miniseminar under leiing av Stein Lavik (BI). Der fekk dei ulike spesialeiningane i NAV presentere seg for næringslivet, vekstbedriftene fekk presentere sine tenester og Osterøy Industrilag sa litt om sine forventningar til NAV kontoret. – NAV må ut i kommunen og gjere seg kjent. Det vil seie at dei må vite kva vi i næringslivet driv med og kan tilby og sjølv presentere sine tenester til oss, sa leiar i Osterøy Industrilag, Lars Magne Bysheim frå Tysse Mek.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Osterøy kommune
|
|
|
|
|
|
5282
Lonevåg
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56192100
|
|
Faks
|
:
|
56192101
|
|
Org.nr.
|
:
|
864.338.712
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1253
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08.00 - 15.00
|
|
|