Grilling og bålkos på Hallandskletten.

Bålbrenning på jonsok

Det er lov å tenne opp jonsokbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogområder, vegetasjon og anna brennbart materiale. Bålbrenning skjer på eige ansvar. Følg brannvesenet sine råd for forsvarleg bålbrenning.

  • Bålet bør byggjast av reine treprodukt. Impregnerte material gjev giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrassar, gamle sofaer, bildekk og liknande.
  • Bålet bør ikkje byggjast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning.
  • Er bålet høgt, bør det tennast på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
  • Ansvarleg vaksenperson skal sørgje for at bålet blir heldt under kontroll.
  • Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff er lett antennelege og kan smelte under sterk varme.
  • Vis omsyn til naboar. Røyken verkar irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerar eit helse- og trivselsproblem for dei som blir eksponert.
  • Ansvarleg vaksenperson skal sørgje for at bålet blir sløkt forsvarleg med rikeleg vatn. Fins det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • I tørkeperiodar og ved sterk vind vil eit generelt forbod blir vurdert. Den ansvarlege pliktar å undersøkje dette før opptenning.
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg/bart fjell då dette gjev varige skadar på berget.
  • Sørg for å ha løyve frå grunneigar der du skal brenne bålet.  

 

Eventuelle spørsmål kan i tidsrommet 08.00-15.00 på kvardagar rettast til: 
Erik Markus i Bergen brannvesen, e-post: erik.markhus@bergen.kommune.no eller telefon 977 79 014.

Web levert av CustomPublish