Bålbrenning - kva er lov

Bålbrenning - kva er lov

Bålbrenning - kva er lov?

Våren oppmuntrar kanskje til både hagerydding og turar i skog og mark. Men mange lurer på kva reglar som gjeld for bålbrenning – både i eigen hage og ute i naturen. 

All brenning skal utførast på ein forsvarleg og varsam måte. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale. Bålet må haldast under oppsyn og kontroll. Sørg for at born held god avstand til bålet. Bålet må sløkkjast forsvarleg med rikeleg vatn. Fins det ikkje vatn på staden, må dette takast med. All bålbrenning skjer på eige ansvar.

Hageavfall

Det er lov å brenne hageavfall, men berre små mengder, som kvister, gras, gamalt lauv og planterestar. Det er ikkje lov å brenne boss i noko form, heller ikkje bygningsrestar, materialar eller treverke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.  

Vis omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særlig dersom bålet er vått. Slik røyk blir ofte liggande lågt over bakken. Røyk er irriterande på slimhinner, i augene og i luftvegane, og representerar eit helse- og trivselsproblem for dei som blir eksponert. Røyken er spesielt til plage for dei med astma og andre luftvegsproblem. Brannvesenet anbefalar difor å la vere å brenne hageavfall, og heller bruke kompost eller levere hageavfallet til gjenvinning.

Kompost

Ved brenning av hageavfall går verdfullt materiale tapt. Planteavfall kunne heller blitt til kompost og gjort nytte som gjødsel og jord. Ein enkel hagekompost er lett å lage: legg alt avfallet i ein haug. Litt ryddigare blir det dersom du lagar ein karm rundt, for å halde haugen på plass.

Gjenvinning

Hageavfallet kan enkelt leverast inn på BIR sine gjenvinningsstasjonar, som lagar god jord av det.

Bålpanne

Bålpanner vert stadig meir populære. Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall, der ein berre skal brenne tørr og rein ved.

Bålbrenning i naturen

Det er lov å gjere opp små bål ute i naturen, utan løyve frå brannvesenet. Dette gjeld i perioden 15. september til 15. april, når risikoen for gras- og krattbrann normalt ikkje er så stor.

I tidsrommet 15. april til 15. september er det ikkje lov å gjere opp bål eller bruke eingongsgrill ute i naturen, utan løyve frå brannvesenet. Du kan framleis grille eller brenne hageavfall i hagen.

Brannsjefen kan legge ned et generelt forbod mot å gjere opp eld utandørs dersom det er lange tørkeperiodar eller ekstrem vind.

Eingongsgrill

Vær varsam med bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til brann i skog og mark. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Eingongsgrillen må sløkkast skikkeleg med vatn og leggjast i ein egen metallbehaldar etter bruk. Hugs at du ikkje kan bruke eingongsgrillar ute i naturen i forbodsperioden.

Flatebrenning

Flatebrenning eller brenning av hogstavfall, samt gras- og lyngsviing må meldast til brannvesenet. Det skal vere ein ansvarleg leiar for brenninga, det må utarbeidast planar og sørgjast for at brenninga blir gjennomført på ein forsvarleg måte. Denne typen brenning er lov også i tidsrommet 15. april-15. september.

For å melda bruk av open eld som bålbrenning, flatebrenning osv. ring vakthavande i brannvesenet på tlf. 90572711. 

Web levert av CustomPublish