BANDSKULE

Har du ein draum om å spele i band?

Mange drøymer om å stå i rampelyset som eit del av eit band. Det kjennes godt å vera med på å laga, øva inn og framføra eit produkt i lag. I kulturkulen har me fleire lærarar med lang banderfaring som vil læra deg å spela variert musikk innafor pop og rock.

Du har sikkert idolar i musikkverda som du ser opp til. Det er ikkje alltid lett for ein fersk musikar å låta som idolet sitt, men om du melder deg på bandspeling i kulturskulen får du ein lærar som kan tilpassa utfordringane i muskken til ditt nivå. Gruppa vil og få vera med å laga sin eigen musikk. Kanskje vert resultatet så bra at du gjerne skulle spelt det inn. I kulturskulen har me mobilt utstyr som kan gi elevane studioerfaring. Kjekt å kunne halda sin eigen CD i handa.

Som bandmedlem er det viktig at du brukar tid til å øva heime og at du stiller førebudd til timen. Då får bandet meir tid til samspel.

 


Kven kan søka?  
Bandtilbodet er meint for elevar som har grunneggjande ferdigheiter på eit instrument. (Song vert og rekna som eit instrument) 
For at eit bandtilbod kan starta opp, er det sjølvsagt ein forutsetning at det er nok søkjarar på same skule for å danna eit band. 

 


Tid
Undervisningsøkta er mellom 30 til 40 min avhengig av storleiken på gruppa. max 5 elevar.

Undervisninga går føre seg etter skuletid i tidsrommet 14:00 til 17:00

 


Stad
For barneskuleelevar: På nærskulen, dersom det er nok søkjarar til å danna ei gruppe. Dersom bandet består av elevar frå ulike skular vil undervisninga gå føre seg på kuturskulen sine lokale.

For Lonevåg skule/ungdomskulen/vgs elevar: I kulturskulen sine lokale

 

Web levert av CustomPublish