Barnehagar

I Osterøy kommune kan vi tilby eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. For nærare informasjon om kvar einskild barnehage - ta kontakt med barnehagane eller les meir om den enkelte barnehage.

Samordna opptak

Osterøy kommune  har eit samordna opptak for alle barnehagane; både kommunale og private barnehagar.

Søknadsfristen til hovudopptaket er: 1.mars kvart år.

Elektronisk søknad

Ein søkjer elektronisk om barnehageplass. Dersom du treng hjelp -  ta kontakt med Servicekontoret tlf. 56 192100 eller direkte til den enkelte barnehage.

Til elektronisk søknad om barnehageplass

Lovfesta rett til barnehageplass

Alle born som fyller 1 år innan 31. oktober og søkjer innan fristen 1.mars har lovfesta rett til barnehageplass. Pr. februar 2017 har regjeringa gjort framlegg om at born født i november også skal ha rett til plass i frå den månaden dei fyller 1 år. Difor må dei dette gjeldt også søkja barnehageplass innan 1.mars 2017. 

PPT

Osterøy kommune har eige PPT-kontor. Tenesta er organisert i eit tverrfagleg samarbeid i Familiens hus. PPT yter teneste til alle barnehagar, grunnskular og vaksenopplæring i kommunen


I lenkene under finn du meir informasjon om barnehageplass i Osterøy kommune

Barnehageplass i Osterøy - rettleiing

Rutiner ved hovudopptak til barnehage

Nullmobbing.no

 

Web levert av CustomPublish