Barneverntenesta

Barneverntenesta er ein del av Familiens hus og held til på Rådhuset i Lonevåg.

Målgruppe: Barn og unge opp til 18 år, unntaksvis er øvre grense 23 år.

Barneverntenesta har som føremål å sikre at born og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling kan få rett hjelp til rett tid. Tenesta har og eit særleg ansvar for å avdekke omsorgssvikt, åtferdsvansker og sosiale problem, slik at hjelpetiltak kan bli iverksett så tidleg som muleg. Tenesta er heimla i lov om barneverntenester.

Hjelpetiltaka kan til dømes vere støttekontakt, besøksheim, barnehage, skule- og fritidsordning, tilsyn eller hjelp i heimen. I nokre saker  kan det vere aktuelt med tiltak som omfattar institusjonar og fosterheimar.

Barnevernet har eit omfattande samarbeid med andre offentlege og private tenester som arbeider for barn og ungdom. Dei næraste samarbeidspartane er barnehage, skule, PPT og det statlege barnevernet.

På lenkene til høgre side finn ein skjema, eller ved å klikke her.

Web levert av CustomPublish