BASSGITAR

Bassen er ryggrada

Bassgitaristen har ein heilt sentral plass i bandet. Det er når bassen kjem inn, det byrjar å låte skikkeleg bra.  Bassen skaper bunn i klangbildet og du driv rytmen framover. Alle dei andre i bandet er avhengig av at bassisten gjer jobben.

Gitar og bassgitar
Det er store likskapar mellom gitar og bassgitar. Ein bassgitar er eigentleg ein stor gitar, men ein brukar dei 4 grovaste strengane. For ein gitarist kan det vera nyttig å spela litt bass i blant fordi det hjelper til med å få eit godt oversyn over kor notane ligg på gripebrettet.


Når kan du byrja å spela elbass?
P.g.a. størrelsen passar ikkje elbassen for dei minste, ein må ha litt styrke i fingrane for å få god lyd.
5. klasse kan vera eit greitt utgangspunkt.


Må du ha bassgitar sjølv?
Det er gjerne meir vanleg å ha tilgang til ein gitar i heimen, enn ein bassgitar. I starten let det seg fint gjera å øva inn stykkene på ein vanleg gitar. Men når du finn ut at dette er noko du vil satse på, bør du skaffa deg ein elbass slik at du får øvd opp styrken i fingrane og blir van med avstandane på gripebrettet.


Du vert ettertrakta
Bassgitaren er ikkje eit utprega soloinstrument. Difor legg me i kulturskulen opp til at du i periodar får prøva deg i ulike samspelsituasjonar. Når nokon skal spela i lag, er dei alltid på utkikk etter ein bassist.

Web levert av CustomPublish