Betalingssatsar for plass i kommunal barnehage

Stortinget har fastsett maksimalpris i barnehage  (41 timar og meir) makspris er sett til kr. 2.910 per månad gjeldande frå 1.januar 2018.

Det er høve til å ta ekstra betaling for mat/kost i barnehagen.

Betalingssatsar  for plass i kommunale barnehagar i Osterøy:

  • 3 dagar veke           kr. 2.275
  • 4 dagar veke           kr. 2.610
  • 5 dagar veke           kr. 2.910

Stortinget har vedteke ein minimumssats for søskenmoderasjon:

  • Det vert gjeve søskenmoderasjon 30%  frå og med søsken nr. 2 og 50% søskenmoderasjon frå og med søsken nr. 3.
  • Dersom søsken går i ulike barnehagar i Osterøy kommune (privat- kommunal) gjeld same reglar for søsken moderasjon.

Spesialpedagogisk hjelp:

Det skal ikkje betalast for spesialpedagogisk hjelp som vert gjeven etter § 5-7 i Opplæringslova. Ordninga gjeld for foreldre med barn i kommunale  og privat barnehage,

Økonomisk støtte:

Foreldre med låg betalingsevne kan søkja om støtte til barnehageplass. (eige skjema og særskilde retningsliner)

Andre opplysningar:

Rekning for barnehageplass vert sendt ut frå Osterøy kommune; økonomikontoret. Det skal betalast for 11 mnd, juli er betalingsfri.

Web levert av CustomPublish