BLÅSEINSTRUMENT

Blås i veg

Hordaland er Norges korpsfylke. Her er stor bredde, samstundes som fylket er representert med korps i verdsklasse.
Osterøy kulturskule ønskjer å vera ein aktiv samarbeidspartnar i arbeidet med å utvikla korpsmiljøet i kommunen. Me tilbyr individuell undervisning på messinginstrument, og perkusjon. Me har for tida ikkje tilbod på treblås (saxofon, klarinett, tverrfløyte) Men dersom etterspurnaden er stor, vil me òg prøva å få til eit tilbod på desse instrumenta.
 

 

m  1  161Osterøy Felleskorps
Dersom du speler eit blåseintrument har du høve til å spela i lag med andre.

Osterøy felleskorps er sett saman av Haus og Lonevåg skulemusikklag. Du treng ikkje å gå på desse skulane for å vera med i korpset. Som korpsmedlem blir du ein del av eit inspirerande musikalsk fellesskap og eit godt sosialt miljø.  

Kulturskulen leverer instruktørteneste til korpset og tilbyr som nemnd individuell undervisning for dei som ønskjer det. Vil du vita meir kan du kontakta kulturskulen eller korpset direkte.
Leiar Lonevåg skulemusikklag: Gunn Lohne mob 97479053
Leiar Haus skulemusikklag: Liv Rivenes Johnsen mob.999153925

Web levert av CustomPublish