Bøndene bør fylle opp gyllevognene sine med vatn: – Kan bli svært viktige ved brann

Den ekstreme skogbrannfaren i Sør-Norge gjer at Bondelaget ber bøndene ta ekstra ansvar. – Fyll opp gyllevognene med vatn, og ver klare til å hjelpe om brannvesenet treng hjelp.

Bønder er svært viktige i ein beredskapssamanheng, dersom brann oppstår. Dei fleste har store gyllevogner og kraftige pumper som kan hjelpe til å slokke ein brann. I mange tilfelle vil bønder vere dei næraste til å hjelpe dersom brann oppstår. Bondelaget oppmodar difor alle sine medlemmer til å fylle opp sine gyllevogner. Samstundes må ein hugse på å fylle på frå vatnkjelder der det ikkje er restriksjonar, sidan kommunen no har innført vatningsforbod fleire stader.  

Les meir på nrk.no: https://www.nrk.no/sognogfjordane/ber-bondene-fylle-opp-gyllevognene-sine-med-vatn_-_-kan-bli-svaert-viktige-ved-brann-1.14063964

Web levert av CustomPublish