Bokbussen Mime

Bokbussen Mime

Bokbussen "Mime"

Kan ein  bibliotekbuss vere ny kvar månad ?

  • både innhald og utsjåande?
  • utanpå og inni?
  • er det mogleg?

Bibliotekrommet ser annleis ut kvar månad  med  fargelyssetting, ”fargelysvask” av veggane slik at dei får fargetilpassa  tema etter den stemninga  som er på  turen, t.d. fotball, kjærleik, «Noas ark», «stjerner og plantetar» eller «skrekk og gru». Resten av rommet tilførast effektar som passer til og vår profesjonelle formidlar  illustrerer  tema på overraskande vis. Dessutan vert det noko i  «Mimes brønn» - (kva?) og på dei digitale skjermane i og utanpå bussen.

Osterøy bibliotek har ei lang tradisjon for å drive med lesestimulering og nyskapande kulturprosjekt.  Nå ynskjer vi å fremje  lesing  og interesse for litteratur annleis.

Litteraturen vert formidla på ein kreativ,  god og morosam måte,  mellom anna med «standup» - formidling av barnelitteratur, dagens eventyr til dei minste eller ymse andre «stunt» med profesjonelle formidlarar.

Det vil også  bli mogleg med dataspel, film eller anna digitalt utanfor bussen  i eit av vindauga og digital  informasjon om e-bøker, litteratur og anna kultur inni bussen.

Utlån og innlevering er sjølvbetent med  RFID-utlåns- og innleveringsautomat som er heilt nytt i Noreg i ein buss. Bussen har dessutan solcellepanel på taket for å gje straum til alt det digitale, ledlysa og «fargevasken».

Utsmykkinga  utvendig på  bibliotekbussen er historia «Her er eg»,  teikna og fortalt av  kunstnaren Anna Fiske som også fekk Bokkunstprisen i 2014. Ho har gitt ut meir enn 30 bøker.

Web levert av CustomPublish