Osterøy brann-redning

Osterøy brann-redning er kommunen si brann og redningsteneste og har som hovudoppgåve å verna om- og redda liv, miljø og eigedom.

Vakttelefon: 905 72 711 
Akutthjelp: 110


Organisering: 

Brannvernet er organisert etter krav i forskrift, og skal dekka tenester innafor

  • Brann- og ulukkesbereiskap
  • Bereiskap mot akutt forureining
  • Brannførebyggjande arbeid
  • Feiing og tilsyn

Osterøy har tre brannstasjonar, lokalisert på Hauge, Fotlandsvåg og Bruvik.

Brannvernet på Osterøy består av 30 deltidsmannskap. Av desse er det 4 utrykkingsleiarar i vaktordning. I tillegg  jobbar ein branninspektør med førebyggjande oppgåver, og er samstundes fagleiar for feiing og tilsynstenesta.

Brannvernet i Osterøy har og bereiskap mot akutt hjartestans og ulukke, og det er utplassert hjartestartar, oksygen og fyrstehjelpsutstyr på alle brannstasjonar. Det vert òg rykka ut til alvorleg sjukdom og skade, når lokal ambulanse er oppteken, eller som bistand til ambulanse.
Mannskap vert varsla på naudsambandsradio via 110 sentralen.
 

Brannsjefen i Bergen er,  gjennom avtale inngått 1.5.2014, også brannsjef i Osterøy kommune og Bergen brannvesen har ansvaret for den overordna beredskapsleiinga i kommunen.

Ved hendingar er lokal utrykkingsleiar delegert leiaransvaret. Bergen brannvesen tek over dette ansvaret om hendinga eskalerer og befal derifrå kjem til staden.

Osterøy kommune har arbeidsgjevaransvaret  overfor brann- og redningspersonell på Osterøy. Kommunen er eigar/har ansvar for brannstasjonar, utrykkingskøyrety og anna materiell, samt ansvar for drift og vedlikehald av dette.

Brannførebyggjande oppgåver:

Bergen brannvesen har ansvar for å gjennomføra informasjons- og motivasjonstiltak i kommunen om fare for brann, fare ved brann, brannverntiltak og korleis ein skal te seg i høve brannar og annan ulukke. Ein branninspektør tilsett i Osterøy kommune er fagleg underlagt brannførebyggjande avdeling i Bergen brannvesen, og gjennomføre tilsyn av særskilde brannobjekt på Osterøy, samt andre førebuggjande oppgåver.

Feiartenester og tilsyn med fyringsanlegg i kommunen er ikkje ein del av avtalen med Bergen brannvesen.

Feiing og tilsyn:

Osterøy kommune har tilsett 1 feiar, og 1 fagleiar for å ivareta feietenesta og tilsyn med fyringsanlegg på Osterøy. Feiing vert utført etter behov, men ikkje sjeldnare enn kvart 4. år.  Tilsyn i bustadar vert utført  kvart 4. år. Fritidsbustadar vert ikkje omfatta av dei lovpålagte tenestene, men vi bistår gjerne, etter kapasitet, også her.


 

 

 

Web levert av CustomPublish