Bruk av fyrverkeri på nyttårsafta

Bruk av fyrverkeri på nyttårsafta

Politi og brannvesen oppmodar om å vise stor varsemd ved bruk av fyrverkeri. Både bakkefyrverkeri og stjerneskot kan gje alvorlege skadar om det vert brukt på feil måte. Auge og ansikt er spesielt utsett for skader, så bruk vernebriller.  

- Hugs også vernebriller til små og store som skal vere i nærleiken av fyrverkeri, oppfordrar brannsjef Leif Linde.

Bruk av fyrverkeri er berre lov på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00. Det skal ikkje brennast av fyrverkeri, uansett klasse, dersom det kan oppstå fare for brann eller personskade.

I Noreg er det totalforbod mot å skyte opp rakettar med styrepinne. Bruk av naudrakettar er alltid forbode dersom det ikkje er ein reell naudsituasjon.

Det er ikkje lov å sende opp flygande lanterner

Flygande lanterner med tent flamme utgjer ein brannrisiko. Brannsjefen i Bergen, Samnanger og på Osterøy viser til dei generelle vedtaka om aktsemd i brann- og eksplosjonsvernlova, og forbyr all bruk av desse.   

Sender ein ei lanterne opp i lufta har ein ingen kontroll på flammane, og det er umogleg å styre kvar den landar. Lanterna kan difor antenne ein brann utan at ein veit om det.

10 gode råd om bruk av fyrverkeri

  1. Førebu fyrverkeriavfyringa medan det framleis er lyst.
  2. Les bruksanvisninga nøye.
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte.
  5. Bruk tennstav. Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna open flamme.
  6. Bruk vernebriller.
  7. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og komme deg på trygg avstand.  
  8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk.  
  9. Hold god avstand frå oppskytinga.
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. 
Web levert av CustomPublish