Bruvik kommune

Bruvik vart eigen heradskommune frå 1870, då den vart utskilt frå Haus heradskommune. Kommunen endra i 1964 namn til Vaksdal kommune i samband med dei store endringane i kommuneinndelinga i Hordaland, då det skjedde store geografiske endringar også for denne kommunen si vedkomande.

Kommunen låg i Hordaland, der ein mindre del låg på Osterøya, medan mesteparten ljå på fastlandet på austsida av Osterøya. Fram til 1964 grensa Bruvik i vest til kommunane Haus og Hosanger på Osterøy. I nord gjekk grensa mot Modalen kommune, i aust mot Evanger og i sør mot Samnanger kommune.

I 1838 høyrde dåverande soknene Bruvik og Stamnes til Haus formannskapsdistrikt, som fekk sams grenser med Haus prestegjeld. Bruvik prestegjeld var opprett ved kgl.res. av 20.06.1868

Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke, til liks med resten av landet.

03.07.1869 var Bruvik skilt ut frå Haus som eigen heradskommune gjeldande frå 01.01.1870.

Ved kgl.res. av 07.09.1962 vert det gjort vedtak om ein del av Bruvik kommune som låg på Osterøya.

"Dei områda av Hamre, Hosanger og Haus kommunar som ligg på Osterøya skal
skipa ein heradskommune saman med det området av Bruvik kommune på
Osterøya som ligg sør for Hesjedal Krins."

Ved kgl.res. av 05.07.1963 vart det gjort vedtak om overføring av dalføra Eksingedalen og Bergsdalen til Bruvik kommune.

"Overføringa til Bruvik kommune i Hordaland fylke av Eksingedalen sokn frå
Modalen kommune og Evanger kommune sine område i Eksingedalen og
Bergsdalen, alt i same fylke, vert gjennomført frå 1. januar 1964.

Namnet på den utvida kommunen vert fastsett til V a k s d a l"

Katalogen over Bruvik kommune gjev oversikt over arkivet i tidsrommet 1870 - 1963.

Berre unntaksvis er det registrert nokre får arkivstykke etter 1963 (frå skulekrinsar), slik at dei endelege ytter åra for arkivet er 1870 - 1980.

Arkivet har vore plassert i ymse rom og fjernarkivert i Vaksdal kommune sitt heradshus på Dale. I 1999 ordna og registrerte Interkommunalt arkiv i Hordaland arkivet etter Bruvik formannskap og ein del etter skulestyret og barneskulane i Bruvik. Vinteren 2008/2009 var ordninga av arkivet sluttført.
Arkivet er plassert i arkivdepotet til Interkommunalt arkiv i Hordaland.

Web levert av CustomPublish