Bry deg før da brenn - kampanje

Bry deg før da brenn - kampanje

Bry deg før det brenn

Eldre har 4-5 gonger høgare risiko for å omkome i brann enn andre innbyggjarar. Brannvesenet køyrer saman med fleire andre aktørar ei informasjonskampanje for å gjere pårørande merksam på enkle tiltak til brannvern for deira nære eldre.

- «Bry deg før det brenn» er bodskapen vår og namnet på kampanjen. Me som driv med brannførebygging er heilt avhengig av at pårørande hjelpe til med brannvern hjå heimebuande eldre, seier Trine S. Sommerlade, informasjonsleiar i Bergen brannvesen.

Mange eldre har større utfordringar enn andre når det gjeldt både å oppfatte brann, agere mot brann og kome seg ut i sikkerheit.

- Derfor er det så viktig at alle som har eldre foreldre og besteforeldre, er litt årvakne når ein er på besøk med tanke på dei typiske brannfellene i heimen. Sjekk bruken av komfyren, levande lys, fyring, el-apparat og el-anlegg. Test røykvarslaren jamleg, og bytt batteri om det er naudsynt. Syt for at det blir montert komfyrvakt. Legg til rette for rask og trygg røming i tilfelle brann. Dette er ikkje vanskeleg, og treng ikkje ta lang tid, seier Sommerlade.

Kampanjen rettar seg denne gongen særleg mot barnefamiliar, og har Brannbamsen Bjørnis som frontfigur. Ønskje er at det å sjekke branntryggleiken hjå bestemor og bestefar blir ein familieaktivitet.

- Borna er blant våre beste brannvernambassadørar. Det er ikkje lett å sei nei til born som ber foreldra om å sjekke røykvarslaren hjå bestemor og bestefar, seier Sommerlade.

Informasjonskampanjen er eit samarbeid mellom brannvesenet, Brannvernforeningen, Bjørnisprosjektet og KLP.

Web levert av CustomPublish