Byggjesak

Byggjesak har ansvar for byggjesakshandsaming etter plan- og bygningslova (pbl) og tilsyn med at lova vert følgd.

   

Ansvarsområdet inneber at avdelinga:

  • Handsamar byggjesøknader
  • Handsamar søknader om ferdigattest/mellombels bruksløyve
  • Handsamar dispensasjonssøknader etter plan- og bygningslova
  • Fører tilsyn etter plan- og bygningslova
  • Fylgjer opp meldingar om ulovlege byggjetiltak
  • Handsamar søknader om deling av grunneigedom
  • Handsamar søknader om tiltak etter hamne- og farvasslova
  • Handsamar søknader om oppdeling i eigarseksjonar
  • Handsamar søknader om utslepp frå hus og hytter
  • Oversender saker til handsaming/uttale hjå andre mynde etter veglov/jordlov/kulturminnelov osb.
  • Handsamar klage på vedtak

På heimesidene til Direktoratet for byggkvalitet finn du alle opplysningar du treng for å setja deg inn kva som trengst for akkurat ditt byggjeprosjekt. Vel byggjereglar og du får tilgang til plan- og bygningslova, forskrifter, rettleiingar og rundskriv m.m.

Her finn du og informasjon om kva du kan byggja utan å søkja.

Osterøy kommune kan inntil vidare ikkje ta i mot elektroniske byggjesøknader direkte gjennom ByggSøk. MEN ein kan søkje via e-post. Framgongsmåten finn du her: Elektronisk innsending av søknad (e-post)

Kommunen minner om at betalingsplikt oppstår når kommunen mottek søknad om løyve, og det skal betalast for kommunen sitt arbeid med søknaden, uavhengig av om det vert gjeve løyve eller ikkje, sjå gebyrregulativet. Lurar du på noko kan du ta kontakt med Osterøy kommune,

Servicekontoret tlf. 56192100, faks 56192101, e-postadresse: post@osteroy.kommune.no

Under skjema på menylista på høgre side finn ein nokre skjema, eller ved å klikke her
 

Sjå også:
Direktoratet for byggkvalitet - byggjereglar
Direktoratet for byggkvalitet - søknadsskjema og blankettar

 
Web levert av CustomPublish