Hugs å byte batteri i røykvarslaren!

Hugs å byte batteri i røykvarslaren! Fotograf: Thor Brodreskift

Bytt batteri i røykvarslaren

Hugs å byte batteri i røykvarslaren og sjekk at den verkar. Når du får tidleg varsel kan du komme deg ut i tide, eventuelt sløkje eit branntilløp.

Alle må ha røykvarslar

Alle bustader - leilegheiter, rekkehus, privatbustader, hyblar og hytter - skal ha minst ein godkjent røykvarslar eller eit FG-godkjent brannalarmanlegg. Eigaren av bustaden har ansvaret for å skaffe og montere røykvarslar. Brukaren av bustaden har ansvaret for å teste røykvarslaren og skifte batteri.

Seriekopla røykvarslarar

Er bustaden stor eller består av flerre etasjar, bør du ha fleire røykvarslarar. Brannvesenet anbefalar minst ein røykvarslar i kvar etasje. Røykvarslarane bør vere seriekopla slik at dei varslar samtidig. Alle i huset vil då bli varsla om brann i ein annan etasje. Dersom du vil kople saman røykvarslarane, må du skaffe varslarar som er berekna for dette. Samankoplinga er enkel og kan gjerast sjølv.

Ionisk eller optisk?

Det er fleire typar røykvarslarar, både optiske, ioniske og kombinasjonsvarslarar. Optiske røykvarslarar reagerar raskast ved ulmebrann, mens ioniske røykvarslarar reagerer raskast på open eld. Brannvesenet anbefalar optiske eller kombinerte varslarar.

Plassering er viktig

Plassering av røykvarslarar er svært viktig for kor raskt dei reagerar på røyk. Røykvarslarar skal monterast på høgaste punkt i taket og minimum 50 cm frå veggen. Varslaren bør monterast i rømmingsvegane, for eksempel i gangar som knyter fleire rom saman. I hus med fleire etasjar bør varslarane monterast nær trappene. Røykvarslarane skal kunne høyrast tydeleg på alle soverom når alle dører er stengde.

Skift batteri på Røykvarslarens dag

Dei fleste røykvarslarar lagar korte og svake pip når batteriet begynner å bli dårleg. Du må då skifte batteri så snart som mogeleg. Røykvarslarar bør testast minst ein gong i månaden og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Du kan bruke ein pinne eller liknande for å gjere det enklare å nå opp. Batteriet bør skiftast ein gong i året. Gjer det til ein vane å bytte batteri 1. desember, det er nemleg røykvarslarens dag.

Test røykvarslaren med røyk

I tillegg til å teste røykvarslaren med testknappen, bør du med jamne mellomrom teste med røyk. Bruk røyk frå testpinne, testspray eller vanleg fyrstikk for å teste om sjølve røykvarslaren reagerer på røyk. Dersom røykvarslaren ikkje reagerer med nytt batteri, er røykvarslaren defekt og må skiftast ut snarast.

Røykvarslarar bør minst ein gong i året reingjerast for støv og smuss. Ver varsam slik at du ikkje skadar elektronikken. Det blir anbefalt å skifte ut røykvarslarar som er eldre enn 10 år. 

Web levert av CustomPublish