DANS

"Eitt skritt hit og eitt skritt dit…"

IMG_0330.jpeg

 

OSTERØY KULTURSKULE KAN TILBY ein variert dansemeny for deg som ikkje har ro i kroppen. Vår allsidige og dyktige dansepedagog  Camilla Romslo tilbyr dansekurs i jazzdans, ballett. Rasmus Solberg er "breaker" og set sitt preg på hip hopgruppene
m ballettstrand
 
NYTT DANSETUDIO
Me i kulturskulen fekk me nytt dansestudio hausten 2016. Lokalet ligg i vårt bygg på Hatland. Dette lokalet vert nytta til ballett, jazz og moderne dans. Hip hop held til i den store speilsalen på Lpnevåg skule.
 
Hip hop (Breakdance)
Kulturskulen har hatt hip hop som tilbod så lenge me har hatt dans som fag. Hip hop er ein urban dansestil i stadig utvikling. Stilen har sitt utspring fra Hip hop- kulturen som blomstra på 70-talet i New York, kor det var vanleg å dansa ute i gatene. Det fins mange stilartar innanfor hip hop. I år er det Rasmus Solberg som har dette faget, og han vil halde fram til hausten.  Rasmus er spesialist på breakdance og dei som vel dette faget vil få prøvd seg ein god akrobatiske sprell.  

Stikkord: koordinasjon, tyngde ned mot golvet, rytmekjensle, dynamikk, formidling, meistring og ikke minst danseglede.

Jazz
Jazz er ein dansestil som bygger på grunnteknikk frå klassisk ballett.  I motsetning til ballett beveger ein seg ofte raskare i Jazz og har et lågt  tyngdepunkt. Ein dansar oftast til popmusikk og låtar frå kjende musikalar. Eit kjenneteikn på Jazz er fokus på dynamikk, det vil seie å ta i bruk alt frå rolege til eksplosive bevegelsar i dansen.

Ein jazzklasse består av oppvarming av heile kroppen med fokus på grunnteknikk, styrke og bevegelegheit. Etter oppvarming går ein ofte diagonalt over rommet og gjer ulike steg og bevegelser. På slutten lærer du en koreografi.
I kulturskulen vil me legge vekt på å utvikle ei god kroppsholdning, lære grunnteknikk gjennom ulike øvelsar, koordinasjon, styrke og fleksibilitet, rytmeforståelse, meistringsfølelse og ikke minst danseglede.

Klassisk ballett
Klassisk ballett er ein dansestil som dei fleste kjenner til. Typisk for klassisk ballett er god disiplin og nøyaktigheit. Det vert lagt vekt på god kroppshaldning med rett rygg, strake kne og høge bein. Andre stikkord er:  piruettar, bein og armposisjonar etter fast mønster, flytande og grasiøse bevegelsar og eksplosive hopp og sprang.

Ein ballettklasse inneheld til vanleg eit fastsett mønster av fleire korte øvingar, der du gradvis varmar opp og styrker kroppen slik at du mot slutten av timen vert i stand til å gjera piruetter, hopp og koreografi.
Gjennom kulturskulen si ballettundervisning vil du:  -læra deg grunnteknikk og  namn og uttrykk på posisjonar, - læra korleis du beveger deg til klassisk musikk, - læra korleis du får ei god kroppshaldning, - utvikle styrke og fleksibilitet. Kulturskulen har i år 2 ballettklassar. Det kan bli fleire dersom det vert nok nye søkjarar.
 
Moderne dans
Våre vidarekommade elevar har etterspurt moderne dans. Det er ein friare form for dans som vil vere eit tilbod til dei som
er speilet motiverte og som likar å improvisera. Dersom det vert oppslutning om dette vil me prøva å starta opp eit slikt tilbod til hausten

Utstyr
Det er viktig å ha bevegelege klede for å kunne bevege seg maksimalt. Gjerne romslege joggebukser, overdeler og joggesko for å unngå å skli, samt belastning på ben.
For ballettelevar kan det vera greitt med kvit strømpebuske, ballettdrakt og ballettsko.   

Kven passar det for
Me har tilbod til alle aldersklassar frå 1.klasse t..o.m vidaregåande. Dansepedagogen vil leggja opp klassen i forhold til dine føresetnader slik at du opplever meistring, får god arbeidshaldning og danseglede. På tilbod med stor påmelding, vert det fleire grupper delt inn etter nivå og alder.

Opptreden og samarbeid
Dansegruppene deltar på ulike oppsetningar som bl.a  Vårspel, skulekonsertar og andre oppdrag. Dette skuleåret er mange av dansarane  på mellomtrinnet med på Teaterkoret sin musikaloppsetning Alice i Draumeland
 
Tid og stad
Timane varer i 60 min. (tida kan variera litt etter tal på elevar i gruppa). Ein må rekne med helgeøvingar i samband med større prosjekt. Då vert undervisningsåret korta inn tilsvarande.
Undervisninga til hausten går føre seg i kulturskulens dansestudio på Hatland og i "speilsalen" på Lonevåg skule etter skuletid, mest sannsynleg torsdagar.  

dans2ligg[1].jpg
 

 
 
Web levert av CustomPublish