Ergoterapi

Målgruppe er innbyggjarar i alle aldrar som har, eller står i fare for å få problem med å fungera i kvardagen.

 

Ergoterapitenesta arbeider med rehabilitering og habilitering. Målet med ergoterapi er å betra eller vedlikehalda brukar si funksjonsevne og gje brukar høve til, ut frå eigne føresetnader å vera mest mogeleg sjølvhjelpen i høve til heim, barnehage, skule, arbeid og fritid.

Tenesta arbeider først og fremst i høve til menneske sine daglege aktivitetar og med praktisk tilrettelegging av dagleglivet for menneske med funksjonsvanskar.

Ved hjelp av kartlegging av brukar sine ressursar, miljøet brukar er i kjem ergoterapeut i samarbeid med brukar fram til tiltak som kan gje brukar høve til å fungera best mogeleg ut frå eigne føresetnader, og til å vera mest mogeleg sjølvstendig i dagleglivet.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vera:

  • kartlegging, tilrettelegging og trening av aktivitet/oppgåver i dagleglivet
  • motivasjon og bevisstgjering av eigen situasjon
  • organisering av kvardagen
  • kognitiv trening
  • leddvern
  • ergonomisk tilrettelegging
  • fysiske endringar i miljøet
  • tilpassing av bustad
  • formidling, utprøving, tilpassing og opplæring i bruk av hjelpemidlar
  • funksjonsvurdering i høve til bilsaker, biltilpassing
  • funksjonstreningar
  • informasjon og samarbeid med ulike instansar t.d. pleie- og omsorg, skule, pårørande m.fl.

    Mykje av arbeidet vil gå føre seg i omgjevnadene brukaren skal fungera i til dagleg, - heim, barnehage, skule, arbeid, fritid.

    Ergoterapeuten har eit tett samarbeid med kommunefysioterapien og er samlokalisert med denne. Andre samarbeidspartar er pleie- og omsorgstenesta, skular, trygdekontor, hjelpemiddelsentralen, hjelpemiddelfirma, spesialisthelsetenesta og pårørande.

    Kravet for å motta tenesta
    Tilvising til ergoterapeut kan skje både frå brukar sjølv, frå pårørande eller frå helsepersonell. Ein kan ta direkte kontakt med tenesta. Det er generelt stor pågang og ein må rekna med noko ventetid. Prioritering av saker skjer ut frå vurdering av behov i kvart enkelt tilfelle.
Web levert av CustomPublish