fargefest, temafest, lonevåg barnehage

fargefest, temafest, lonevåg barnehage

Fargefest

Fargefest i Lonevåg barnehage.

Tysdag 14.03 vart dagen for vår årlege temafest i Lonevåg barnehage. Dei siste månadane har temaet rundtom i barnehagen vore fargar. Ungane har laga eigne kostymer\klede\hattar i ulike fargar. Temaet kulminerte no med at alle avdelingane samla seg i ei Brakastove full av fargar, pynt og lys. Der fekk me sjå forteljinga om "korleis snøen fekk farge". Dei eldste borna, Rognebæravdelinga, song nokre songar for oss og framførde ein sjølvlaga rap. Med stor entusiasme og høgt energinivå etter underhaldninga gjekk store og små tilbake til avdelingane sine og avslutta festdagen med eit skikkeleg festmåltid. Alt i alt ein veldig kjekk dag for store og små.

Web levert av CustomPublish