Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Beskrivelse

Brann- og feiervesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg minimum kvart fjerde år. Kor ofte det skal feiast, er avhengig av bustaden sitt oppvarmingssystem, sotmengde mv. Tenesta gjeld berre heilårsbustadar. Fritidsbustadar er unnateke lovpålagt feiing, men kan utførast etter avtale.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med skorstein.

Kriterier/vilkår

Det er eigaren av bygget sitt ansvar å sørgje for trygg tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å komme opp på taket, skal eigar sørgje for at stige er tilgjengeleg.

Pris for tjenesten

Gebyr

Gebyr inngår i dei kommunale avgifter. Beløpet dekker både feiing og bustadtilsyn og er berekna etter sjølvkostprinsippet, som er at gebyret dekker dei faktiske utgifter heile feie og tilsynstenesta kostar, som:

  • Feiing/tilsyn i tråd med gjeldande lovverk (forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn)
  • Kontroll av skorstein etter sotbrann
  • Varsel om feiing/tilsyn
  • Informasjonstiltak for riktig fyring og generelt brannvern
  • Sakshandsaming

Så det er eit feie og tilsynsgebyr du betalar. Gebyra vert regulert kvart år. Om du har fleire skorsteinar i bustaden betaler du sjølvsagt meir enn dei som har ein.

Gebyret er ikkje knytta til tidspunktet for når feiing og tilsyn gjennomførast, men gjeld for heile feieperioden/intervallet uavhengig av når i feieperioden tenesta finn stad.

Gebyr kan krevjast sjølv om feiing og/eller tilsyn ikkje er utført i følgjande tilfelle om:                               

  • Feiaren ved inspeksjon av fyringsanleggets røykkanalar har funne at feiing ikkje er naudsynt.         
  • Feiaren etter varsel og oppmøte til fastsett tid, ikkje har fått tilfredsstillande trygg adkomst til fyringsanlegget. Dette gjeld også tryggleikskrava til arbeid på tak.

Gebyrfritak

Fritak vert gjeve når eigar/bruker dokumenterar at fråkopling av fyringsanlegg og blending av skorstein er utført tilfredsstillande.

Eigar/bruker plikter å melde frå til kommunen, Osterøy brann-redning, om fyringsanlegg/eldstad vert installert eller tilkopla igjen.

Brosjyrer, dokumenter,
kart og lignende

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Eigar av heilårsbustad med skorstein/eldstad som er registrert i kommunens eigedomsregister, vil automatisk bli kontakta. Du får vanlegvis  varsel om feiing eller tilsyn i postkassen eller via SMS/tale melding nokre dagar før. Om tidspunktet ikke passer, kan det avtalast eit nytt tidspunkt med feiaren. Om det ikkje er klargjort for feiing (entan ved at nokon er til stades, stige er lagt fram eller det på anna vis er gjeve klar beskjed om at det kan feiast), vil feiinga ikkje verta utført. Hvis du ikke har gjort ny avtale mens feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta dirfor kontakt med feiaren snarast mogeleg!

Saksbehandling

Feiaren skal vurdere tilhøva ved fyringsanlegget som har betyding for branntryggleiken eller adkomsten. Ved avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feieran gje deg ein skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting vert gjort. Tilsynsmyndigheita kan gje dei naudsynte pålegg om dette ikke skjer

Klagemulighet

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet utfører, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er fatta av brannsjefen, er kommunen si eiga klagenemnd. Klaga skal vere skriftleg.

Annen informasjon

Ekstra feiing og tilsyn, fjerning av beksot

Ekstra feiing og tilsyn vert utført når me har kapasitet. Det er eigne prisar om du tingar ekstra feiing og/eller tilsyn samt fjerning av beksot(fresing). Eigar/bruker må sjølv ta kontakt med kommunen ved feiing og tilsyn.

Tjenesten oppdatert: 20.09.2017 12:44

Web levert av CustomPublish