Vegnamn

Vegnamn

Adresseprosjekt

Femte utsending av melding om ny adresse

Teknisk drift har sett opp skilt langs vegane i Bruvikområdet og det er sendt ut melding om tildeling og pålegg om skilting av offisiell adresse for desse. 

25. oktober 2016

Adressater i Bruvikområdet - frå Kvisti til Hakenes/Blomdalsleitet - har fått brev i denne runden.    

Vi er no ferdig med  å senda ut melding om ny  adresse der vegnamn er vedtatt i Komite for oppvekst, idrett og kultur/Heradsstyret og er godkjent av Kartverket. Det som står igjen er vegar der Kartverket har reist namnesak om skrivemåten av vegnamnet  og  ca. 15 hytteområde som skal få tildelt adresse. Dette må du gjera - adresseprosjekt.PNG

Den nye adressa vert gjeldande 4 veker etter vedtaksdato. Adressa vert oppdatert automatisk i offentlege register gjennom Folkeregisteret. OBS. Det syner seg at fleire ikkje er registrert busett i huset dei bur i.  Dette kan skuldast at dei ikkje har meldt flytting til Folkeregisteret då dei flytta inn i bustaden.  F.eks. om ein har bygd  hus på heimegarden og ikkje har meldt flytting er ein registrert som eigar av huset, men busett der ein budde før. Det same gjeld om ein ikkje har meld flytting innanfor same postnummerområde.  For å rette opp dette  må ein sende inn flyttemelding på  papir til  Skatteetaten.  Skjema fin du herFirma må melde frå om adressetildelinga i Føretaksregisteret. Har du bustadnummer frå før vil dette verte uendra. Huseigar er pålagt å informere om innhaldet i dette brevet til leigetakarar og andre som held til på adressa.

Brevet som vert sendt ut kan du lese her. 

Kven er nestemann ut?

Teknisk drift heldt på med skilting i Bruvikområdet og dersom vinteren fortset med mildt ver vert det sendt ut brev om ny adresse til Bruvikområdet på nyåret.

Husnummerskilt 

Ifylgje matrikkelforskrifta §57 er eigar, festar og tiltakshavar ansvarleg for at den enkelte bygning eller eigedom vert merka med adressenummeret.

Husnummeret er viktig for at kjente og ukjente raskt finn fram til eigedomen, t.d. ved utrykkingar. Skilta må difor vere utforma og plassert slik at dei er lette å finne og lette å lese, også når det er mørkt - reflekterande. Av den grunn skal huseigar går til innkjøp av standard husnummerskilt slik som beskrive i Statens Kartverk sin «adresseveileder»:

Husnummerskilt.png

Frist for å setje opp skilt er 6 veker etter ein har motteke dette brevet.

Skiltstorleiken kan variere noko frå leverandør til leverandør. Skiltet må også vere synleg frå næraste fellesveg. Ei vanlig plassering er difor ved sida av inngangsdøra eller på hushjørnet.

Dersom husnummer montert på hus eller hytte ikkje er synleg frå fellesveg, og eigedomen  grensar til fellesveg, er det eigar/festar og tiltakshavar sitt ansvar å skilte med nummertilvising ved fellesveg. For skiltreglar sjå Osterøy kommune si adresseforskrift av 02.10.13, §7-3.

Vegnamnskilt er kommunen sitt ansvar på kommunale vegar, og Statens Vegvesen sitt ansvar på fylkes- og europavegar. Det vil også bli sett opp nummertilvisingsskilt til eigedomar som ikkje er synlege frå og ikkje grensar til fellesveg. Dette arbeidet skal utførast i same tidsrom som enkeltvedtak vert sendt ut til alle innbyggjarane som får ny adresse. Er skilt misvisande, vert fjerna eller skadd – ta kontakt med kommunen!

   

Web levert av CustomPublish