FIOLIN

Fiolin for store og små

Søkningen til fiolin har gått litt i bølgedager. Då Alexander Rybakk vant MGP i 2009 vart mange inspirert til å læra seg å spela på dette flotte instrumntet. No er han aktuell igjen, så kanskje me får ein ny bølge av unge fiolinistar. De er hjarteleg velkomne.
 

"Ein må tidleg krøkast som god krok skal bli...."
Det er ikkje gjort på ein to tre å bli ein god fiolinist. Difor tilbyr vi fiolinopplæring frå 1. klasse og i nokre tilfelle for enda yngre elevar. Med så små elevar er det ein førestnad  at dei føresette føl opp sine håpefulle. Vår fiolinlærar Linda Rea Herland har speialkompetanse i  Suzukimetoden. Grunntanken i metoden er at barn må stimulerast tidleg for å utvikle sine eigne talent. Suzukimetoden inneber og at dei føresette engasjerer seg i undervisninga og er med å følgjer opp barnet sitt. Du kan lesa meir om Suzukimetoden på http://www.norsuzuki.no/suzukimetoden/
Dersom påmeldinga vert stor nok blant dei yngste, tek vi sikte på å laga til eit rimelegare gruppetilbod: SMÅSTRYK 


TId og stad
Fiolinundervisninga går føre seg i kulturskulen sine lokaler etter skuletid.
Me har og eit tilbod på Haus skule.
I år har undervisningsdagen vore tysdagar. Dette vert mest sansynleg også undervisningsdagen kommande sesong. 
 

Web levert av CustomPublish